Hopp til innhold

Utforskande Hjelmeland på ny plate: – Eg blir sjeldan flau

Mensen, morkake og kjønnshår i tenna er kanskje ikkje typisk innhald i fengande poplåtar – men på sin nye plate, er ikkje Thea Hjelmeland redd for å ta opp tema andre synest er pinlege eller vanskelege.

Thea Hjelmeland, kulla

UTFORSKANDE: Thea Hjelmeland har prøvd å skape eit nytt og fiktivt tekstunivers på sin nye plate. Der utfordrar ho det som ikkje er så komfortabelt.

Foto: Trine Hisdal

Fredag vakna ho opp til femmarar og seksarar frå kritikarane på sin nye plate, «Kulla». Ei plate som går rett på sak, men er godt pakka inn i søt og danseverdig pop. Og for Hjelmeland sjølv handlar den om mykje meir enn mensen og morkake.

– Eg blir veldig sjeldan flau. Det er spennande å sjå kva som er på kanten for meg og korleis eg kan uttrykke dei kjenslene. Det å få ein god poplåt til å følast ubehageleg – det er ein spennande kontrast for meg.

Ein vestnorsk metode

Den nye plata inneheld sterke bilete på kroppslege og heilt vanlege ting, som nettopp mensen og morkake, men som er sjeldne ord i popmusikken. Førde-artisten trur det er noko vestnorsk over det.

Thea Hjelmeland, kulla

GØY: Hjelmeland bestemte seg for at ho ville ha det gøy i arbeidet med sin nye plate. – Og det har eg, seier ho.

Foto: Trine Hisdal

– Det kom mange klisjear då eg starta skrivinga. Då kjende eg veldig på den vestnorske humoren og måten å seie ting på. Det er direkte, men utan at ein seier så mykje. Det ligg mykje i lufta kva folk eigentleg meiner, seier Hjelmeland.

I arbeidet med den nye plata har det vore viktig å skape eit nytt univers der alle som høyrer får kome inn. Då er det nettopp pausane ho har brukt som verkemiddel.

– Det er i det ein ikkje seier at alt skjer. I pausane skapar ein assosiasjonar som gjer at teksten ikkje lukkast rundt det eg meiner. Det er mykje spennande i sarkasmen, syntest eg.

Tenker som Pippi

Den førre plata, «Solar Plexus», kom også med stor suksess. Sorgtung, men vakker om eigne opplevingar rundt stor glede og den djupaste sorg. I tre år har ho jobba med den nye plata, «Kulla». Då er det ekstra stas å få så god respons.

– Det er lett å seie at ein ikkje bryr seg om terningkast, men når folk tek seg tid til å lytte, og skrive om plata for å få andre til å forstå kva det handlar om – og brukar så flotte ord – då går det ikkje an å vere noko anna enn rørt og takknemleg.

Det blei difor eit overveldande plateslepp for Hjelmeland. Men ho rekk ikkje kvile lenge. For om to veker er det ut på vegen for å vise fram den nye musikken.

– Eg gler meg til turné. Dette blir eit litt annleis konsertprosjekt. Eg er oppteken av å bryte rammer og forventningar, og sjå kva som skjer, så eg vil tenke litt som Pippi Langstrømpe, seier ho.

Her kan du høyre Thea Hjelmeland sitt nye album: