Hopp til innhold

Ny MR-maskin skal vere i drift i september

No får indresogningane den etterlengta MR-maskina på plass.

MR-maskin

SKAL PÅ PLASS: Ei slik MR-maskin skal byggast på sjukehuset i Lærdal i eit eige bygg.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen / NRK

I samband med framlegginga av forslag til budsjett for 2018 kjem Helse Førde no med ei gladmelding til dei som soknar til sjukehuset i Lærdal.

MR-maskina, som både kommunane og private har samla inn til, skal kome i drift innan september neste år, fortel helseføretaket i ei pressemelding.

Seinast denne veka gjekk politikarar i Sogn ut og kravde ei avklaring på når maskina kunne kome på plass.

Maskina skal plasserast i eit nytt tilbygg like ved den eksisterande røntgenavdelinga ved Lærdal sjukehus. Byggestart er planlagt allereie i februar 2018, og det er venta at prøvedrift på maskina kan starte i løpet av september same år.

– Eg er veldig glad for at vi er komne så langt, at dette er på plass i budsjettframlegget frå administrerande direktør, seier stadleg leiar Margun Thue ved Lærdal sjukehus.

Bedrifter, kommunar og ikkje minst enkeltpersonar har arbeidd saman for å samle inn drygt ti millionar kroner. Dette finansierer størstedelen av sjølve maskina, som har ein prislapp på 11,85 millionar.

I tillegg må Helse Førde finansiere eit nytt tilbygg til sjukehuset for å få tenelege lokale til maskina, og gjere bygningsmessige tilpassingar og syte for tekniske installasjonar og naudsynt infrastruktur. Samla prislapp på den nye maskina blir dermed 18,9 millionar kroner.

– Eg er spesielt glad på vegner av alle pasientar som no slepp lang reiseveg og ventetid for å få gjort desse undersøkingane. For Lærdal sjukehus betyr det sjølvsagt også mykje å kunne ha eit nytt tilbod som dette, seier Thue i pressemeldinga.