Inkubasjon handlar om smitte, men her gjeld det ikkje spreiing av farlege sjukdomar. Det er kreative miljø som skal smitte kvarandre, slik at det vert skapt nye arbeidsplassar. Kall det gjerne ei rugekasse for gode idear som kan kommersialiserast.
Kring offshoreverksemda Aker Verdal har industri-inkubatoren virka. Etableringa der har så langt resultert i mellom 10 og 15 nye bedrifter i tilknyting til Aker Verdal.
Senior-rådgjevar Arent M. Henriksen i SIVA.
Årdal er den andre kommunen som får tilbod om å vere med på eit liknande samarbeidsprosjekt, fortel senior-rådgjevar Arent M. Henriksen i SIVA.
Populært tiltak
Seniorrådgjevar Arent M. Henriksen i SIVA er tidlegare mest kjend som markert SV-politikar. Han fortel at etter suksessen i Verdal har det statlege utviklingsselskapet SIVA fått kring 20 førespurnader frå kommunar som vil vere med. Valet fall på Årdal, etter at Hydro Aluminium tok kontakt.
Kjemisk-leiar Odd Semstrøm er positiv. (Foto: NRK)
Ynskt velkomen
For Kjemisk-leiar Odd Semstrøm i Hydro Aluminium er rugekasseplanane ferske, men han nøler ikkje med å helse initiativet velkome. Han konstaterer at årdølene ikkje har tradisjon på å skape nye arbeidsplassar, men er likeve optimist. Dei har rett og slett ikkje noko alternativ.