NRK Meny
Normal

Ny metode kan hjelpe overvektige

På berre 20 minutt kan blodet ditt avsløre om du får i deg rett mat og om du er i nok aktivitet til å førebygge livsstilssjukdomar. Dei nye analysemetodane kan vere til stor hjelp for overvektige.

Blodprøver

NY METODE: Ei enkelt blodprøve kan no gje svar på om du har eit godt nok kosthald og om du er i nok aktivitet til å halde livsstilssjukdomar på avstand.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Du var gjerne klar over det, at blodet ditt kan fortelje mykje om helsa di. Men til no har du måtte ta fleire blodprøver for å få svar på fleire ting.

Eit ektepar i Gaular har gjort noko med det, og utvikla ein analysemetode der ei enkelt blodprøve kan gje deg det som må kallast ein EU-kontroll av kroppen din.

Om du har sluntra unna treninga litt for ofte og stappa i deg litt for mykje av det usunne, vil dataanalysane til Olav Martin Kvalheim og Tarja Rajalahti Kvalheim avsløre det.

– Om du et usunt kvar dag, pølser og chips til dømes, så vil vi sjå det på blodprofilen, seier Kvalheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Olav Martin Kvalheim og Tarja Rajalahti Kvalheim

DETEKTIVARBEID: Olav Martin Kvalheim og kona Tarja Rajalahti Kvalheim legg ikkje skjul på at det dei driv med er litt detektivarbeid, men at det gir svært gode resultat.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Fokus på førebygging

For ei enkelt blodprøve er det einaste kjemiprofessoren treng for å fortelje deg om du får i deg riktig mat og om du trenar nok til å halde livsstilssjukdomar som diabetes og hjarte- og karsjukdomar på avstand.

– Det vil bli ein enorm samfunnsøkonomisk kostnad om vi ikkje klarer justere dette.

– Difor har vi byrja ha fokus på førebygging, og det å tidleg oppdage personar som er i risikosona. Vi vil ha dei over i ein sunnare og betre tilvære ved å påverke dietten deira og få dei til å vere meir fysisk aktive, forklarar Kvalheim.

(Artikkelen held fram under)

Overvektig

KAN FÅ BETRE HJELP: Dei nye analysemetodane kan vere til hjelp i behandling av pasientar med sjukleg overvekt, meiner forskar.

Foto: Andrey Armyagov / Colourbox

– Det er litt detektivarbeid

Medan ein til vanleg sjekkar blodet opp mot ein enkeltståande ting, går Kvalheim og kona til verks på CSI-vis.

På 20 minuttar sjekkar dei blodet ditt opp mot 40. 000 ulike datapunkt.

– Det er litt detektivarbeid. Vi ser etter små ting som ikkje alltid er så lette å finne, men med dei rette instrumenta og dei rette dataanalytiske metodane kan vi finne ut mykje, seier Tarja Rajalahti Kvalheim.

Olav Martin Kvalheim er kjemiprofessor, medan Tarja Rajalahti Kvalheim er sivilingeniør i kjemiteknikk og har doktorgrad i medisinsk diagnose.

Dei to er tilknytte senter for Helseforskning i Sogn og Fjordane, eit samarbeid mellom Høgskulen og Helse Førde.

Slik kan dei finne ut om du er i faresona

Det er ekteparet sjølve som har utvikla dataanalysane som tek i bruk avanserte matematiske modellar.

– Tidlegare var det typisk at du målte ein ting om gongen. Om du tok ei blodprøve målte du til dømes glukose eller korleis kolesterolnivået var.

– Men vi ser på fleire ting samtidig og ser etter mønster. Det er desse mønstera som kan seie noko om kor vidt du kan bli sjuk eller om du vil halde deg frisk, forklarar Tarja.

Blodprøvene blir undersøkte i ei avansert MR-maskin. Der blir metabolittane, eller stoffskiftet i kroppen granska. Ut frå korleis ulike næringsstoff blir transporterte rundt i kroppen kan ekteparet fortelje kven som er genetisk disponerte for fleire sjukdomar.

(Artikkelen held fram under biletet)

John Roger Andersen

FORDELAR: John Roger Andersen som forskar på sjukleg overvekt ser berre fordelar med den nye analysemetoden.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Forskar seier fleire fordelar

John Roger Andersen, som forskar på sjukleg overvekt er ein av dei som har nytta seg av metoden. Han peikar på fleire fordelar.

– Det er iallfall to ting. Det eine er at ein ved hjelp av veldig lite blod i forhold til det ein treng i dag, kan få svar på veldig mange ting. Det er ei stor kostnadsbesparing i forhold til dagens teknologi.

– Det andre er at vi kan få mykje meir detaljerte opplysningar om korleis det står til med pasienten si metabolske tilstand, seier Andersen.

Kan sikre betre behandling og oppfølging

Metoden blir mellom anna brukt til å sjekke om overvektige i livsstilsbehandling har det kosthaldet og er så fysisk aktive som dei rapporterer om.

Andersen meiner metoden gjer det mogleg å gå grundigare til verks no enn før

– Det vi har sett er at hos ein del overvektige pasientar såg blodprøvene normale ut ved første augekast. Men då vi tok desse metabolske profilane ved hjelp av den nye metoden var det lett å sjå at pasientar med sjukleg overvekt hadde store avvik i sine blodprofilar i forhold til normalvektige, seier han.

Og om du får beskjed av legen din om at du bør endre kosthaldet og auke aktivitetsnivået for å halde deg frisk, vil ei ny blodprøve raskt kunne gje svar på om innsatsen du legg ned faktisk fører til endring.

– Allereie etter nokre veker vil ein kunne sjå endringar i livsstil i våre målingar og dataanalysar. Dermed vil folk kunne følgje med på at det går rette vegen, seier Kvalheim.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote