– Dette har internasjonalt potensiale, trur milliardærinvestor

Milliardærinvestor har klokkartru på ny metode for å læra små ungar språk.

Johan H. Andresen og bravoleken

BRAVOLEIKEN: Bravoleiken skal hjelpe ungar opp til treårsalderen å læra seg språk. Investor Johan H. Andresen har klokkartru på prosjektet.

Foto: Heidi Lise Bakke/ NRK / Berit Roald / Scanpix

Ein ny metode for å lære språk utvikla på Sandane er no teken i bruk i 120 barnehagar her i landet.

Metoden går ut på aktiv stimulering av born heilt ned i 0–3 årsalderen.

– Superenkel forsking viser at det er kjekkare å få ting til enn å ikkje få det til, seier dagleg leiar i Intempo, Heidi Aabrekk, som har utvikla Bravoleiken.

Sjå TV-saka:

Ein ny leik skal hjelpa ungar heilt ned i 0 til 3 års alderen å læra språk. Leiken blei utvikla av ei mamma frå Sandane, då ho fekk ein hjerneskadd son i 2004.

Ny leik hjelp ungar å lære språk. (Foto/redigering: Heidi Lise Bakke/NRK)

Milliardærinvestor har klokkartru på prosjektet

Milliardær Johan H. Andresen er ein av tungvektarane bak selskapet. Gjennom selskapet sitt Ferd investerer han i bedrifter som driv med sosialt entreprenørskap særleg retta mot unge.

– Det eine er at me har funne ut at me må byrja tidlegare, og det å vera førebyggjande har ein stor samfunnsmessig effekt ved at ein både forhindrar at folk utviklar lesevanskar, og so har ein mange år framover der ein har ein produktiv medarbeidar.

Johan H. Andresen

HAR KLOKKARTRU: Investor Johan H. Andresen.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

Han trur prosjektet har internasjonalt potensial, sjølv om Intempo er ein av dei siste Andresen har hjelpt med pengar.

– Me trur det er noko som kjem til å bli distribuert ganske raskt. Me trur også det kjem til å bli nettbasert. Dette er nok ein av dei prosjekta som har kome kortast, men det har eit globalt potensial.

Personleg erfaring

Men det er ikkje superenkel forsking ho bygger dette på. Ho var sjølv utdanna spesialpedagog då ho fekk ein son med hjerneskadar. Ved hjelp av teknikkar for hjernestimulering i tidleg alder klart ho å få guten til å lære ting ingen hadde tru på han skulle klare

Heidi Aabrekk

GRÜNDER: Heidi Aabrekk.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det var heilt fantastisk å få den handlekrafta som var naudsynt for at han skulle utvikle seg meir enn det som var forventa. Då han hadde moglegheita til å starte i første klasse fordi han kunne lese, rekne og engelsk so betyr det utruleg mykje for meg personleg.

Men denne erfaringa på lasset grunnla ho i 2009 Bravoleiken

– Eg trur kombinasjonen av personleg erfaringar og den kunnskapen eg har fått og det brennande ønsket om å hjelpe folk framover, det driv meg framover og det er veldig artig at folk ser det og har lyst å vera med.

Også gründeren sjølv trur på at ideen kan eksporterast til andre land som Sverige og Danmark.

– Det har eit stort potensial, me kan gå internasjonalt. Men det aller, aller største potensial ligg hjå ungane som me kan hjelpa til å unngå lese- og skrivevanskar. Det er alt for mange som slit med slike vanskar i dag, heile 20 prosent, og det talet er alt for høgt.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.