Ny måling av breane

Store snømengder dei siste åra har ført til gode veksttilhøve for breane i Sogn og Fjordane. No skal breane målast på ny.

Nigardsbreen
Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Det er Nigardsbreen og Ålfotbreen som skal målast.

Normale snømengder i år

Senioringeniør Bjarne Kjøllmoen i NVE reknar med å kunne måle normale snømengder i år. Vintersnøen måler dei på ein enkel og velprøvd måte ved å stikke ei lang stang ned i snøen. Når stanga stansar mot den harde fjorårssnøen kan dei lese av kor mykje snø det har kome i løpet av vinteren.

- Viktig å måle

- Det er fleire grunnar til at vi måler. Breane er ein viktig del av naturen vår, og så er det eit langtidslager med tanke på kraftproduksjon. Og breane er ein indikator på klimaet, difor er det viktig å fylgje med, og vi samanliknar våre målingar med målingar av andre brear rundt om i verda.

Ålfotbreen og Nigardsbreen

Ålfotbreen
Foto: Asle Veien / NRK

Norges Vassdrags- og Energidirektorat - NVE - måler kvart år snømengdene på breane våre. Både på Nigardsbreen og Ålfotbreen har dei målepunkt, 150 punkt på Nigardsbreen og 75 punkt på Ålfotbreen. I alt blir det målt på 12-14 brear rundt om i landet.

Mykje snø siste to åra

Dei siste to åra har det vore store mengder snø, som har ført til at breane har lagt på seg. Om eit par år kan ein rekne med at dette vil føre til at enkelte brearmar som Briksdalsbreen vil vekse på grunn av dette store snøfallet.

- Når vi får fleire snørike vintrar etter kvarandre fører det til at brearmane vil gå fram i dalane.

Til Ålfotbreen onsdag

No skal dei ut og måle snøen som kom i vinter. Men i år har dei ikkje store forventningar om like mykje snø. Truleg er året eit normalår. Det vil seie at det er kome nok snø til at breen ikkje går tilbake, men heller ikkje fram. Dei skal til Ålfotbreen på onsdag, og Nigardsbreen litt seinare i mai.

- Korleis vil utviklinga vere framover?

- Klimaforskarane meiner det blir milde vintrar med mykje nedbør, og på breane betyr det snø. Det tilseier at breane vil vekse, men samstundes vil sommartemperaturen gå opp, slik at mykje av den ekstra snøen vil smelte vekk. Kven av dei komponentane som vinn til slutt står det att å sjå, seier senioringeniør Bjarne Kjøllmoen i NVE