Hopp til innhold

Ny lov kan gje millionsmell for kraftselskap

Sogn og Fjordane Energi kan bli tvungne til å selje kraftlinjer til Statnett, dersom ei ny energilov blir vedteke i Stortinget. Det kan koste SFE millionar og tap av arbeidsplassar.

Kraftlinjer

NY ENERGILOV: Den nye energilova vil få uheldige følgjer for linjeeigarar som Sogn og Fjordane Energi, meiner Asgeir Aase.

Foto: Rainer Prang

Regjeringa har foreslått ei ny energilov, der ein mellom anna går inn for å redusere talet på nettnivå frå tre til to.

Dermed kan kraftselskap, som SFE måtte tvangsselje kraftlinjer til Statnett. For SFE vil den nye lova bety at det som i dag er deira hovudnett, linja frå Sognefjorden til Ørsta, blir tvangsselt til Statnett.

– Det betyr tap av inntekter på 40–50 millionar kroner og tap av arbeidsplassar. Det er sentraliserande, for ein har ikkje ein aktør i fylket som er med på å utvikle nettet, den sit i Oslo i så fall, seier Asgeir Aase, nettdirektør i Sogn og Fjordane Energi.

– Ulogisk og ineffektivt

Medan straumforsyninga i dag går ut via eit sentralnett, eit regionalnett og eit distribusjonsnett, så er førsler regjeringa no å ha eit straumnett drifta av Statnett, og eit distribusjonsnett for resten av kraftselskapa.

– Forståeleg kunne det vore om forslaget var effektiviserande, og fornuftig ut frå kraftsystemtenking, men her er det tvert i mot. Eg syns alt er ulogisk og det er ineffektivt, meiner Aase.

Liv Signe Navarsete

LOVAR KAMP: Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet seier ho vil jobbe for at SFE kan halde fram som eigar og drivar av nettet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Energidepartementet vil ikkje kommentere saka sidan lova no er til handsaming i Stortinget. Der skal slaget stå, og Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet lovar kamp.

– Det som er viktig for oss, er at vi kan sikre både at SFE kan halde fram som eigar og drivar av nettet, men at vi også kan sikre industrien gode vilkår, seier Navarsete.

– Berre industrien vil tene på det

Aase i SFE meiner at det berre er den kraftkrevjande industrien som vil ha noko å tene på ei omlegging av leveringssystemet for kraft.

– Det bør ein i så fall løyse på andre måtar ved å sjå på ein tariffmodell som skal ivareta det, og ikkje på eigarskap på nettet. Det vert ulogisk, meiner Aase.

Liv Signe Navarsete meiner at Stortinget må kunne lande på ei løysing som sikrar gode vilkår, både for den kraftkrevjande industrien og anna verksemd i til dømes Sogn og Fjordane.

– VI jobbar for å få eit anna fleirtal enn det regjeringa har lagt opp til, seier Navarsete.