NRK Meny
Normal

Ny leiting i Erdalen i Stryn

Laurdag føremiddag startar Røde Kors ein ny omfattande leiteaksjon i Erdalen i Stryn.

Leitinga etter mannen som vart meld sakna i desember i Stryn held fram.

NYE SØK I ERDALEN: Sjå innsatsleiar Geir Olsen orientere leitemannskapa her. Foto/redigering: Arne Vik

Over 100 personar skal i dag vere med i leitinga etter mannen fortel Stian Antonsen som distriktsrådsleiar for Sogn og Fjordane hjelpekorps.

Leiteaksjon i Erdalen

NY LEITING: Leitmannskap gjer seg klare

Foto: Arne Vik

– Det blir ein stor aksjon med mykje mannskap, og krevjande for dei som skal organisere det. Vi kjem til å leite heile laurdag og sundag. Det er god vilje blant mannskapa og ikkje minst blant dei som bur i området, seier Antonsen.

– Vi tenker på dei pårørande, og har lyst å gjere ein innsats for å finne den sakna.

I desember i fjor forsvann ein mann i 20-åra frå Rogaland i Erdalen. Mannen hadde truga til seg ein bil i Stryn. Bilen blei funnen igjen i Erdalen i Oppstryn, men der sluttar også alle spor etter mannen.

– Det er eit krevjande terreng å leite i, med mykje kampesteinar. Men målet er at dersom den sakna er i området, så skal vi finne han, seier Antonsen.

Leiteaksjon i Erdalen

VANSKELEG OMRÅDE: Her startar leitinga

Foto: Arne Vik
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser