Hopp til innhold

Ny laksesjukdom herjar Vestlandet

Ein ny laksesjukdom har ført til store tap på oppdrettsanlegg i haust. Den sokalla amøbegjellesjukdomen har spreidd seg frå Ryfylke-kysten til Sogn og Fjordane.

Oppdrettsanlegg

SJUKDOM: Amøbegjellesjukdom herjar vestlandskysten. Biletet er frå Marine Harvest, som seier dei har kontroll på sine anlegg.

Foto: marine Harvest

– Vi har tapt i overkant av 10 millionar. Mykje fisk har døydd. Det har ikkje vore bra, seier leiar i K- Strømmen lakseoppdrett, Sven Jørgen Strømmen.

I haust vart hans anlegg vart for fyrste gong råka av den nye laksesjukdomen. Amøbegjellesjukdom, eller AGD, kjem av ei amøbe som skadar gjellene til fisken slik at han får pustevanskar, dårleg matlyst og til slutt døyr.

50 prosent har AGD

Svein Jørgen Strømmen

RÅKA: Svein Jørgen Strømmen.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

I Ryfylke har sjukdomen vore årsak til massedød i år, fortel veterinær i Mattilsynet i Rogaland, Erling Bleie.

– No i haust har vi fått utbrot på veldig mange anlegg. Eg jobbar i midt-Rogaland, og i vårt område er rundt ein tredjedel av anlegga råka så hardt at dei har måtta behandle, og minst 50 prosent har fått påvist AGD.

Utviklinga har gått fort.

– Me fekk det fyrste tilfellet i 2012 og nokre få i 2013, og så har det eksplodert no i 2014 etter sommarferien.

Fryktar at det blir årleg problem

Regionsdirektør i Mattilsynet Hordaland og Sogn og Fjordane, Karen Johanne Baalsrud, tek trugselen på alvor.

– Vitskapskomiteen for mattryggleik har kome med ein rapport, og det ser ut som sjukdomen hamnar på vår liste over smittsame sjukdomar. Då får vi høve til å ta sjukdomen meir alvorleg, og han blir rapporteringspliktig.

Det kjem fram av rapporten at opp mot 90 % av fisken kan døy av AGD om han ikkje blir behandla, og at det ikkje er mogleg å forhindre at fisken blir smitta.

– Me fryktar at dette har etablert seg og blir eit årleg problem for oppdrettsnæringa med tap av fisk og store kostnadar med overvaking og behandling, seier Bleie i Rogaland

Oppstår lettare med høge temperaturar

Marine Harvest har registrert amøbar på fleire anlegg. Presseansvarleg Ola Helge Hjetland seier dei ser alvorleg på sjukdomen, men har kontroll på deira anlegg.

Hjetland meiner det er for tidleg å seie kva konsekvensar sjukdommen kan ha i framtida.

– AGD er ein type sjukdom som lettare oppstår med høge temperaturar i sjøen og høgt saltinnhald. Den fine sommaren gjer at vi dessverre har sett ein auke no i haust. Men korleis situasjonen blir framover er vanskeleg å seie i dag.

Også Sven Jørgen Strømmen er usikker på konsekvensane av AGD for drifta hans i framtida, men meiner tiltak må tidleg inn.

– Dersom du ikkje gjer noko trur eg alle fiskar frå 100 gram til 1,5 kilo vil døy. Eg ser ikkje for meg at nokon overlever, seier Strømmen.