NRK Meny
Normal

Klubbleiar krev Magne Ulvatn sin avgang etter mobbeanklager

Klubbleiar ved Havyard Leirvik, Gerd Snekkevåg, krev at fylkesleiar i Fellesforbundet, Magne Ulvatn, går av. Fleire noverande og tidlegare tilsette ved fylkeskontoret fortel om skakande tilhøve.

Magne Ulvatn

TAUS: Magne Ulvatn har så langt vald å ikkje kommentere kritikken. No krev klubbleiaren ved Havyard Leirvik, Ulvatn sin avgang.

Foto: Olav Hatlemark / Firdaposten

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Organisasjonsarbeidar Jarle Kirketeig fortalde i dag tidleg om det som skal ha vore ei rekkje vonde episodar ved Fellesforbundet avdeling 19, som held til i Sogn og Fjordane.

– Når ein tenkjer på at ein jobbar i ei fagforeining og går til leiaren sin og spør om å få vere med jentungen på første skuledag, noko ein har rett til etter tariffavtalen, og får beskjed om ... skal eg bruke orda ordrett; «No får du faen meg gje deg, det er ikkje vi som betalar for desse ungane dine. Dette får du sende kona di på.», sa Kirketeig.

Skaka klubbleiar

Klubbleiar Gerd Snekkevåg ved det største verftet i fylket, Havyard Leirvik, er skaka over den påståtte mobbinga frå fagforeiningssjef Magne Ulvatn.

– Det er heilt horribelt, folk som sit og skal forvalte lover og reglar må i alle fall gjere det sjølv, og ikkje trykke folk ned psykisk. Eg blir så skaka, at eg veit ikkje kva eg skal seie, slår ho fast.

Reaksjonane har vore sterke etter at NRK kunne avdekkje at det heilt sidan 2006 skal ha vore uhaldbare arbeidsforhold ved Fellesforbundet sitt fylkeskontor i Førde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kirketeig

TØFT: Jarle Kirketeig fortel om rystande tilhøve i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane.

Foto: Bård Siem / NRK

Tungt psykisk

Ein etter ein står no tilsette fram og fortel at dei har vore trakasserte og mobba av den valde leiaren. No står Jan Olav Gjerde, som jobba ved kontoret i Førde frå 2004 til 2006, fram.

– Det utvikla seg i negativ retning i form av overdriven kontroll, det var mistenkeleggjering, einskilde tilfelle av utskjelling i plenum. Det gjekk på sjølvkjensla laus til slutt. Sat etter kvart med ei oppfatning av at ein ikkje kunne noko, ikkje var brukande til noko som helst. Det var frykteleg tungt psykisk, meiner Gjerde.

Krev ny leiar

Magne Ulvatn vil ikkje kommentere kritikken, noko Snekkevåg synest er feigt. Ho kjem med følgjande klare melding til Ulvatn.

– Ny leiar. Vi kan jo ikkje ha ein leiar som handsamar sine arbeidarar på denne måten. Dette er heilt nytt for meg, ein kan jo byrje å lure på kva som har skjedd her, seier klubbleiaren i Leirvik.

NRK har også tysdag vore i kontakt med Magne Ulvatn, som ikkje vil kommentere kritikken mot seg.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå