Hopp til innhold

Ny krinsrekord

Thomas Mardal, Gloppen FIL sette ny U20 krinsrekord i slegge med eit lengstekast med 6-kiloslegga på 70,83, under stemnet på Loggane i Gloppen. Han forbetra dermed sin eigen ferske U20 rekord, som lydde på 67,74. Seinare i stemnet var øvinga kule og også her vart der pers og juniorkrinsrekord med solide 17,77 og han sletta med det Yngve Grøneng Havn, Florø T & IF sin U 20 rekord på 17,40 frå 2007.

Thomas Mardal
Foto: Truls Kleiven / NRK