Hopp til innhold

Ny kraftlinje blir ikkje ferdig til 2015

Kraftlinja mellom Ørskog og Fardal blir forseinka på grunn av usemja omkring kvar kraftlinja skal gå.

Kraftline

FORSEINKA: Arbeidet med den nye kraftlinja mellom Ørskog og Sogndal blir ikkje ferdig til planlagt tid.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I Bremanger gjekk olje- og energiministeren inn og bad om at linja gjekk gjennom Myklebust og ikkje Førde. Men dette nekta Fylkesmannen i Sogn og Fjordane fordi linja vil krysse Sørdalen Naturreservat.

Statnett har på si side klaga på Fylkesmannen si avgjerd og ventar no på avklaring. Konserndirektør Håkon Borgen i Statnett seier linja skulle vere klar i løpet 2015, men heile linja blir fyrst ferdig i 2016.

Statnett må få dei nødvendige løyva og tilgang til tomt til transformatorstasjon i Bremanger innan september 2013 om dei skal klare å halde denne framdriftsplanen.

– Problemet i Bremanger er at vi ikkje har fått den naudsynte tilgangen slik at vi sett i gang med bygging, seier han til NRK.no.

Tykkjer det er beklageleg

Det pågår full byggjeaktivitet langs den 30 mil lange traseen mellom Ørskog og Fardal i Sogn. Men no blir altså prosjektet forseinka. Borgen tykkjer det er beklageleg at det enno ikkje er avgjort kvar linja skal gå og ser fram til at alt er på plass.

– Let det seg løyse innan denne sesongen, kan kraftlinja frå Høyanger til Ørskog bli ferdig i 2015.

– Kvifor er det på strekninga frå Høyanger til Fardal i Sogndal at de ikkje klarer det innan fristen?

– Høyanger må ha tosidig forsyning. Den strekninga vi skal byggje frå Høyanger til Fardal i Sogndal, går i eksisterande trasé. Vi skal rive den leidningen som går der. Det kan vi ikkje gjere før vi har samband mot nord. Det er ikkje teknisk mogleg med tanke forsyningstryggleiken i Høyanger.

Folk i den vesle bygda Ålfoten i Bremanger var letta då fylkesmann Anne Karin Hamre tidlegare i år nekta energiministeren å leggje kraftlinja gjennom naturreservatet.

– Situasjonen i Bremanger har til dels vore eit politisk spel. Kva har dette betydd for dykk?

– Det ønskjer eg ikkje å kommentere. Vi held oss til konklusjonen til myndigheitene og ventar endeleg avgjerd før vi tek stilling til det, seier han.