Hopp til innhold

Ny kontrakt til Havyard Leirvik

Havyard Leirvik har sikra seg ein ny kontrakt. Verftet i Hyllestad skal byggje ein oljeforsyningsbåt til selskapet Deep Sea Supply.

Slik skal nybygget sjå ut
Foto: Havyard

Dermed er verftet sikra full sysselsetting og rekordstor omsetnad fram til 2008.

- Det er svært gledeleg, seier viseadministerande direktør, Tor Leif Mongstad.

Havyard Leirvik
Foto: Olga Wergeland / NRK

Det vil altså verte mykje arbeid på dei rundt 200 tilsette i dei neste to åra. Og så gode utsikter har det ikkje alltid vore for verftsindustrien.

Kontrakten på å byggje båten for selskapet Deep Sea Supply har ein verdi på 250 millionar.