Hopp til innhold

Ny kontrakt til Havyard Leirvik

Havyard Leirvik har fått kontrakt på bygging av ein ny supplybåt. Kontrakten er verd 135 millionar kroner. Det er eit indisk reiarlag som skal ha skipet.

Skipet er det andre verftet i Hyllestad byggjer for det indiske reiarlaget. Fartyet skal leverast i april 2007. I tillegg har Havyard Leirvik også fått oppsjon på bygging av ein tredje supplybåt for levering i mars 2008.

Havyard Leirvik no kontrakter på ni nybygg, men direktør Torleif Mongstad seier verftet greier å handtere situasjonen.

- Dette klarer vi med å utvide arbeidsstokken litt, i tillegg til at vi jobbar på to båtar samstundes, forklarar verftsdirektøren.

Med dagens kontrakt har Havyard Leirvik arbeid ut 2007, og går opsjonar på tre andre skip i boks, har dei arbeid til midten av 2008.

Verftet har kring 200 fast tilsette og 150 som jobbar hos underleverandørar. Utfordringa er arbeidskraft, men Mongstad meiner også det skal gå bra.