NRK Meny
Normal

Havyard i Leirvik skal byggje forsyningsskip med revolusjonerande hybriddrift

Havyard Group harsikra seg ein ny kontrakt på bygging av forsyningsskip. Denne gongen skal verftet i Leirvik byggje eit skip med framtidsretta og miljøvenleg drift.

Havyard 833 fafnir

SLIK SKAL DET SJÅ UT: Dette skipet skal leverast frå verftet i Leirvik i juli 2015.

Foto: Havyard Design AS/Gunnar F AS

Det er det islandske reiarlaget Fafnir Offshore AS som har kontrahert skipet, som skal koste 350 millionar kroner. Dette er det andre skipet Fafnir investerer i innan offshore, og begge blir bygde i Leirvik.

Sparer drivstoffutgifter

Det første skroget kom til Leirvik 4. april. Skipet det no er skrive kontrakt på er litt større og vert utstyrt med hybrid batteridrift, seier kommunikasjonsdirektør Gunnar Larsen i Havyard Group.

– Det er temmeleg spesielt, det er ikkje mange båtar som er bygde med slikt, og det er det første frå Havyard. Fordelen er på same måten som med ein bil at ein sparer drivstoffutgifter og får lågare utslepp.

Skipet skal leverast i juli 2015. Det betyr at Havyard Ship Technology i Leirvik har godt med arbeid, seier Larsen.

– Vi treng mykje arbeidskraft, og det blir stor aktivitet i Leirvik både i år og langt ut i neste år.

Tor Leif Mongstad og Steingrimur Erlingsson

SKRIV UNDER: Salsdirektør Tor Leif Mongstad (t.v.) i Havyard og adm. dir. Steingrimur Erlingsson i Fafnir Offshore.

Foto: Havyard
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser