På elitelandslaget for kvinner får Aafedt Flatland frå Vik selskap av Tora Berger, Tiril Eckhoff, Hilde Fenne, Synnøve Solemdal og Fanny Welle-Strand Horn. Trenarar er Egil Gjelland, Geir Ole Steinslett, Jon Kristian Svaland og Ola Ravald.
På herrelandslaget er Ole Einar Bjørndalen, Emil Hegle Svendsen, Vetle Sjåstad Christiansen, Henrik L´Abée-Lund tekne ut saman med brørne Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø frå Stryn.
Johannes kom sterkt
Johannes Thingnes Bø var ny på elitelandslaget i sesongen som no er over. Han sleit med sjukdom i store delar av sesongen, men kom sterkt mot slutten og sikra seg mellom anna to individuelle sølvmedaljar i NM.
Trenarar for herrane er Espen Nordby Andersen, Roger Grubben og Ola Ravald.
Ingen utøvarar frå Sogn og Fjordane er tekne ut på rekrutt- og juniorlandslaga. Det betyr at Håvard Gutubø Bogetveit og Jarle Midthjell Gjørven må greie seg utan den støtta det er å vere på eit landslag.
Den økonomiske skilnaden mellom å vere på landslag eller ikkje er om lag 100.000 kroner. I tillegg kjem støtteapparat og oppfølging, som også har mykje å seie.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: