NRK Meny
Normal

Ny kontrakt for skipsverft i Sogn

Havyard Ship Technology i Leirvik skal designe og byggje nok eit vindmølle-serviceskip for det danske reiarlaget Esvagt.

Havyard 832 SOV

SKAL BYGGJE NY BÅT: Båten får ei lengd på nesten 84 meter og har plass til 60 personar.

Foto: Illustrasjon: Havyard Design As/GunnarF AS

Dette er det tredje serviceskipet Havyard skal byggje til offshore vindkraftproduksjon.

Skipet skal huse og frakte utstyr og personell til vindmøller i havet. Båten får ei lengd på nesten 84 meter og har plass til 60 personar.

Med denne ordren har Havyard Group 10 nybygg i ordre ved verftet i Leirvik i Sogn. Dei har ein ordrereserve på om lag tre milliardar norske kroner og godt med arbeid til langt ut i 2016, skriv dei i ei pressemelding.

– Kontrakten på dei to første skipa til Esvagt i fjor sommar var eit gjennombrot for Havyard i denne marknaden, seier salsdirektør Gisle Vinjevoll Thrane.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast