Hopp til innhold

Varsel om tvangsoppløysing, men eigaren forsikrar at han skal ordne opp

Rekneskapsregisteret har sendt ut varsel om tvangsoppløysing av Hotel Mundal AS i Fjærland.

Hotel Mundal i Fjærland

FARE FOR KONKURS IGJEN: Hotel Mundal i Fjærland har vore i drift i 123 år.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Årsaka er at selskapet, som er eigd av Rolf Wikborg, ikkje hadde sendt inn fullstendig rekneskap for 2012 innan 1. april i år. Selskapet har no frist på seg til 9. mai med å sende inn rekneskapen. Skjer ikkje det, kjem tingretten til å slå selskapet konkurs.

Skal ordne opp innan fristen

Rolf Wikborg seier til NRK at 2012-rekneskapen skal vere hos Brønnøysundregisteret innan 9. mai, og at dei dermed skal greie å unngå tvangsoppløysing.

Rolf Wikborg

EIGAREN: Rolf Wikborg.

Foto: Jan Inge Fardal / Sogn Avis

I Fjærland er folk redde for at det ikkje blir drift av det tradisjonsrike hotellet i sommar. Wikborg seier dei jobbar med sikte på å få det til. Utover det vil han ikkje kommentere stoda.

I Brønnøysundregistera får NRK opplyst at svært mange selskap ordnar opp innan fristen når dei får varsel om tvangsoppløysing.

Også i fjor var det fare for at Hotel Mundal skulle bli slege konkurs.

Bekymring i reiselivsnæringa

Direktør Jon Brekke på Norsk Bremuséum i Fjærland seier dei som jobbar med reiseliv i Fjærland er svært bekymra over faren for at det for første sommaren på 123 år ikkje blir drift av det ærverdige hotellet .

– Dette er ikkje bra for reiselivet i Fjærland. Men når det er sagt så veit vi at eigaren er interessert i å få det til, og vi har enno eit håp om at hotellet skal opne og at alt skal kome på plass. Så vi er optimistar framleis.

Bremuséet har alt opna for sesongen. Brekke seier han ikkje er direkte overraska over at det no har kome eit varsel om tvangsoppløysing av Hotel Mundal AS.

– Det har dessverre vore litt fram og tilbake med Hotel Mundal, så det er ikkje veldig overraskande. Men vi veit at det er eit reelt ynskje frå eigaren om å ordne opp.

(Artikkelen held fram under biletet).

Norsk Bremuseum i Fjærland

I GANG MED SESONGEN: Norsk Bremuséum i Fjærland har opna for turistsesongen 2014.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Trur mange vil vere interesserte

Brekke seier det vil vere ei trist historisk hending dersom det ikkje skulle bli drift på Hotel Mundal i sommar.

– Hotellet har halde ope i 123 år, med unnatak av første og andre verdskrigen, så dette er bekymringsfullt, og vi er sjølvsagt lei oss for at det har blitt slik.

Dersom det endar med konkurs trur ikkje Jon Brekke at det betyr slutten for Hotel Mundal. Han trur mange vil ha interesse av å kjøpe og drive hotellet i turistbygda.

– Det er eg ganske sikker på. Det er eit fantastisk og absolutt attraktvit hotell, og vi ser at mange av dei andre fine hotella i regionen får det til å gå bra, så vi har god tru på at andre kan kome inn. Men først må vi sjå om eigaren får løyst problema som har oppstått.