Hopp til innhold

Ny kamp for Stryn og Gloppen

– Det var kniving heile kampen, seier Stryn sin trenar, Gunnar Lindal Sigurdsson.

Preben Indrebø i aksjon mot Stryn i sin siste heimekamp på Sandane

- TØFF KAMP: Preben Indrebø seier det for hans del vart ein tøff kamp då Gloppen møtte Stryn i Trivselshagen FØRRE fredag. Han noterte seg med eitt mål i siste heimekamp.

Foto: Aadne Gloppestad/Firda Tidend

Med resultatet 18-17 stakk Gloppen av med sigeren under søndagens handballkamp i Strynehallen.

Sidan Stryn vann 23-22 på Sandane på fredag, er resultatet førebels 40-40. Det betyr enda ein ny kamp.

Jamn kamp

Til pause var Stryn i leiinga med 9-7.

– Stryn starta utan tvil best, men i andre omgang tok Gloppen oss att. Det var kniving heile vegen. Ein enormt spanande kamp. Begge lag burde eigentleg spelt i 2.divisjon, meiner trenar Sigurdsson.

Gloppen-trenar Bjørn Roth-Andenæs er særs nøgd med dagens resultat.

– Det var ein god kamp frå begge lag, men heldigvis var det vi som vann. No blir det spanande.

Møtast igjen

Datoen for tredje kamp er førebels ikkje bestemt, men siste frist er søndag 15.mai.

– Vi får verkeleg håpe det blir siste kamp, seier Sigurdsson.