NRK Meny

Ny jobb for Helle

Tidlegare ordførar i Fjaler, Arve Helle, har no fått ny jobb. Det kommande året skal han vere organisasjonssekretær i Sogn og Fjordane Arbeidarparti. – Denne jobben, saman med lokalpolitikk og styreverv, byr på mange spennande utfordringar, skriv han på Facebook-sida si. Helle var ordførar i Fjaler i 12 år, men måtte gi frå seg ordførarklubba til Gunhild Berge Stang (V) ved valet i haust.

Arve Helle
Foto: Arne Stubhaug / NRK
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast