NRK Meny
Normal

Ny Hydro-sjef i Årdal

Are Indrelid frå Årdal er tilsett som ny leiar for Årdal Industripark der aluminiumproduksjonen er hovudaktiviteten.

Are Indrelid
Foto: Hydro

Indrelid er i dag forsyningsjef i Hydro Aluminium Sogn.

Han tek over etter Ove Bakke som ønskjer avløysing.

Leiarskifte skjer 1. mai og Bakke går då over til å drive med utviklingsprosjekt i Industriparken.

Are Indrelid er fødd i Høyanger og voks opp i Årdal,  der han også bur. Han er gift og har tre born. Fartstida i Hydro er frå 1983, då han byrja som salsingeniør i Hydrogas. Frå 1989 til 1994 var han assisterande salssjef for Hydro Aluminium i Årdal. I perioden 1994 – 2002 var Indrelid produktsjef for Hydro Aluminium sin valseblokkaktivitet.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.