NRK Meny
Normal

Ny hovudvasskjelde gav dei trygg skuleveg

Ei ny hovudvasskjelde var det som skulle til for å gje skuleborna på Hjelle ein tryggare veg til skulen. Måndag inviterte dei til storstila feiring – og opning.

Stor feiring og opning av ny gange- og sykkelveg mellom Hjelle og Klokkegarden i Eid kommune.

SJÅ VIDEO: Ny hovudvasskjelde i Eid sentrum gav innbyggjarane på Hjelle ein gledas dag måndag.

Dei har kjempa for den i fleire tiår, og måndag kunne dei endeleg feire den nye gang- og sykkelvegen.

– No slepp vi å gå langs vegkanten og i grøfta når vi skal på skulen eller på fritidsaktivitetar, smiler Mathias Husevåg.

– Ein heilt ny kvardag

Alfred Bjørlo

GLAD: Ordførar Alfred Bjørlo (V) var minst like glad over gang- og sykkelvegen som innbyggjarane i Eidsdalen.

Foto: Elias Engevik / NRK

Han er ein av mange skuleborn som har fått ein tryggare kvardag etter at gangvegen stod ferdig.

I dag vart gang- og sykkelvegen gjennom Eidsdalen offisielt opna, med ordførarbesøk, dans, kaffi og kake.

– Den betyr aller mest for dei som bur langs vegen. Dei som har hatt hjarte i halsen over å sende borna sine til skule eller fritidsaktivitetar, har fått ein heilt ny kvardag, seier ein godt nøgd ordførar, Alfred Bjørlo (V).

Farleg skuleveg

Knut Tore Nes Hjelle

ELDSJEL: Knut Tore Nes Hjelle er ein av dei som har jobba for å få til gang- og sykkelvegen.

Foto: Elias Engevik / NRK

Den utløysande faktoren vart politikarane sitt vedtak om å nytte Hornindalsvatnet som ny hovudvasskjelde for Eid sentrum.

Når ein først skulle utføre gravearbeid for å få vassleidningen fram, samarbeidde ein like godt med Statens vegvesen for å få lagt gang- og sykkelveg på toppen av denne.

– Ungane har hatt ein farleg skuleveg, men den har ikkje vore lang nok til å få skuleskyss, seier ei av eldsjelene, Knut Tore Nes Hjelle.

Skummelt i mørket

For innbyggjarane har E39 gåande gjennom bygda. Og mellom ferjesambanda Anda – Lote og Folkestad – Volda er det stor trafikk. Medan prosjekteringa starta i 2011, vart spaden sett i jorda i september 2013.

Mathias Husevåg og André Sørensen Høydal

GLADE: Mathias Husevåg og Andre Sørensen Høydal er blant fleire som har fått ein tryggare veg til både skule og fritidsaktivitetar.

Foto: Elias Engevik / NRK

– Det er kjempeflott for oss at ungane no kan gå trygt i skuletida, og til og frå all aktivitet på kveldstid, seier Nes Hjelle.

André Sørensen Høydal er ein annan som ser fram til å kunne sykle, framfor å bli køyrt, til skule og fritidsaktivitetar.

– Det var veldig mykje trafikk, og spesielt var det skummelt når det var mørkt. Skulle eg til dømes klø meg på hovudet så kunne eg blitt treft av ein lastebil, seier han.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast