Hopp til innhold

Ny Hafsås-siger i Hornindal

Helge Hafsås frå Olden sikra seg ein ny maratonsiger då han vann Hornindalsvatnet Maraton laurdag.

Helge Hafsås i Hornindalsvatnet Maraton
Foto: Stig Høynes

Hafsås sprang inn til tida 2.41.37 og var nesten tre minutt føre briten Lazloe Boden.

Ny løyperekord

I kvinneklassen sette Dorte Foss frå Raufoss ny løyperekord med tida 3.18.05.

I alt deltok 150 løparar, av desse sprang 46 i heilmaraton, 53 halvmaraton og 15 på 10 km.

Olav Rune Seljeset og Inge asbjørn Haugen i Hornindalsvatnet Maraton

Olav Rune Seljeset (t. v.) og Inge Asbjørn Haugen fullførde maratonløpet for 20. gong.

Foto: Stig Høynes

To med 20 løp

Hornindalsvatnet Maraton vart avvikla for 20. gong. To løparar har vore med på alle 20. Det er Olav Rune Seljeset og Inge Asbjørn Haugen, begge frå Hornindal IL.

Her er heile resultatlista: