NRK Meny
Normal

Økonomien er stram, men her vil fylket invistere seks millionar i ny veg

Hovudutval for samferdsle vil løyve seks millionar kroner til ny veg til Skipavika næringspark i Gulen. – Behovet for ny veg er heilt naudsynt, seier ordførar Hallvard Oppedal (Sp).

Skipavika slik det skal bli

NY VEG: Dei lysegrå linjene illustrerer nyevegen slik den er tenkt. – Medan nyevegen går rett på Brandangersundbrua, går gamlevegen gjennom bygda Sande og kjem frå Ånneland og inn att mot brua, seier Hallvard Oppedal.

Foto: Illustrasjon / Skipavika

Næringsaktiviteten på andre sida av fjorden for Mongstad-raffineriet har blomstra dei siste åra.

Men dårleg tilkomstveg har ligge som skjær i sjøen for vidare vekst.

Hallvard Oppedal jublar for ny ordførarperiode

NØGD: Ordførar Hallvard Oppedal er glad frå signala frå samferdsleutvalet. No ventar han at resten av fylkespolitikarane følgjer opp innstillinga.

Foto: Privat

– Den er heilt avgjerande. Dei seier dei allereie har mista kontraktar på grunn av uvisse rundt vegen, så det er viktig med ei rask avklaring. Då kan dei marknadsføre industriområdet på ein heilt annan måte, seier Gulen-ordførar Hallvard Oppedal.

30–50 arbeidsplassar

Sjølv om fylkeskommunen ikkje har flust i midlar å rutte med, ser samferdsleutvalet likevel stor verdi av ein ny veg til industriområdet på nordsida av Fensfjorden. I dag er det mellom 30 og 50 arbeidsplassar i Skipavika.

I tillegg til næringsparken sjølv, er 11 aktørar etablerte der, fordelt på fem firma på sjøsida og seks på land.

– Dette er eit næringsområde med mykje tungtrafikk. I dag går det på ein veg som har litt dårleg bereevne gjennom nokre gardstun og det er vurdert dit hen at det ikkje er ein tenleg veg for framtida, seier utvalsmedlem Arnstein Menes (Sp).

– Rivande utvikling

Arnstein Menes

VIL HA: Arnstein Menes (Sp) meiner det er viktig at fylkeskommunen støttar opp om positiv utvikling i fylket.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Vegen i dag er kronglete og dårleg. Den nye vegen er tenkt å gå rett frå Skipavika til Brandangersundbrua. Vegen vil spare 5,5 kilometer i høve til i dag. Tanken er eit spleiselag der kommunen, næringsparken og fylket går inn med seks millionar kroner kvar.

Samferdsleutvalet ynskjer å medverke til positiv utvikling.

– Området har hatt ei rivande utvikling og er langt framme når det gjeld næringsutvikling. Dei driv no med si sjuande kai, men vegen er ikkje tenleg for utviklinga som skjer der, seier Menes.

– Viktig sak

Ordførar Oppedal slår fast at vegen i dag ikkje er laga til tungtrafikk og set sin lit til at politikarane følgjer opp innstillinga frå samferdsleutvalet.

– Eg trur det er ei så pass viktig sak. Dessutan er dei fleste parti representert i utvalet, så eg trur den står seg over budsjettarbeidet, seier han.

Oppedal legg til at eit positivt vedtak i finans- og fylkesutvalet i morgon, samt fylkestinget i desember, vil vere viktig for kommunen.

– Skal vi få folk til å flytte hit, så er arbeidsplassar først bod. Då må vi støtte opp om industrien og leggje mest mogleg til rette. Det er veldig gledeleg om vi får dette til no.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser