NRK Meny

Ny gruve får færre tilsette

Selskapet som skal drive gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal får kring 60 færre arbeidsplassar enn det som først var planlagt. Det skriv avisa Firda. Tala kjem fram i nye utrekningar som Nordic Mining har utført. Samstundes har dei og redusert levetida på gruva med 21 år. No vil Naustdal SV sende brev til Miljødirektoratet og be dei gjere ei vurdering om dei nye tala påverkar vilkåra for utsleppsløyvet dei i si tid gav selskapet.

Prøveboring i Engebøfjellet
Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune