Generaldirektør Eivind Reiten i Norsk Hydro seier dei likevel siktar seg inn mot ei stenging ved nyttår.
Definitiv frist
Fristen kan bli utvida i tre månader viss dei ikkje klarer å finne alternative arbeidsplassar tids nok.
- Det er definitivt siste frist når vi er ferdige med dei tre første månadane av nyåret. Dei brukar vi berre dersom det syner seg naudsynt for å sikre flest mulig nye arbeidsplassar i Høyanger slik at lokalsamfunnet ikkje blir tappa for arbeidskraft, seier Reiten.
- Inga framtid
Reiten avviser alle reknestykke om kor lite Hydro ville tape på å halde smeltehallen i produksjon ut 2006, slik planen var.
- Det har inga hensikt å rekne på kor stort tapet ville blitt, no konsentrerer vi oss om å finne nye arbeidsplassar til dei som arbeider ved C-hallen. I alle fall har ikkje denne gamle hallen noka framtid.
Arbeidsplassar viktigare enn tap
Reiten hevdar at tidspunktet i forhold til å finne nye arbeidsplassar er viktigast for industrikonsernet - ikkje det å avgrense tapa for Hydro.
- Men begge deler er viktig for Hydro, for det å drive med tap gjer resten av arbeidsplassane i Hydro utrygge.
90 arbeidarar ved Hydro aluminium og 30 ved Aker Kværner har i dag arbeid knytt til omnane i hallen.
Inga avklaring for Årdal
I Årdal er tidspunktet for stenging av aluminiumsomnane ikkje fastlagd, fortalte Reiten Hydro-styret i dag.
- Det er ikkje økonomisk grunnlag for å halde fram produksjonen i Årdal etter utgangen av 2006. Men vi treng ikkje ta den definitive avgjerda om stenging no. Der må vi halde fram arbeidet med alternative arbeidsplassar og sjå an utviklinga noko meir, seier Reiten.
Reiten reknar med at endeleg avgjerd om Årdalssamfunnet blir teke etter nyttår.
- Men eg har gitt klar melding om at slik marknaden ser ut i dag, har vi ikkje grunnlag for å drive verket etter 2006, seier generaldirektøren.