Hopp til innhold

Ny fylkesleiar i Utdanningsforbundet ønskjer testregimet til livs

Til hausten tek Steinar Strømsli over som ny leiar for Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane. Ei av sakene han brenn for er å stogge den stadig aukande testiveren i den norske skulen.

Steinar Strømsli

KLAR TALE: Den 1. august har han den første arbeidsdagen i si nye rolle. Men Steinar Strømsli har allereie klare meiningar om kva som blir dei viktigaste sakene.

Foto: Rune Fossum / NRK

I dag er Strømsli tilsett som assisterande rektor ved Halbrend skule i Førde. Han er utdanna adjunkt og vore lærar sidan år 2000. Og det er særleg éin ting ved utviklinga dei siste åra som uroar han.

– Vi ser at testregimet brer om seg i den norske skulen. Skulen har eit breitt samfunnsmandat. Du kan ikkje måle alt som finst i samfunnsmandatet. Og alt er eigentleg like viktig, seier han.

– Politikarane må høyre på lærarane

Han trur det viktigaste i den nye jobben er å få politikarane til å lytte meir på kva lærarane meiner i skulepolitikken.

– Det er lokalval i år og vi veit at skulane blir drivne lokalt. Så politikarane har stor påverkingskraft, seier han.

Både fylkeskommunen og mange kommunar i fylket slit med trong økonomi. Det skapar utfordringar og skulenedleggingar er eit stadig tilbakevendande tema. Strømsli har forståing for at det kan vere vanskeleg å få budsjetta til å gå rundt.

– Men vår rolle er å peike på kva konsekvensar skulenedleggingar vil føre med seg. For oss er det viktig å passe på at politikarane er godt opplyste og ikkje fattar vedtak på manglande grunnlag, seier han.

Vil halde på samarbeidet med KS

Ei anna sak som engasjerer er talet pedagogar i barnehagane. Ei storstilt barnehageutbygging dei siste åra har bidrege til at utdanna pedagogar er i kraftig manko.

– I dag er det berre éin av tre tilsette i barnehagane pedagogar. Vi meiner det er viktig å få inn fleire. To pedagogar per avdeling er det som må til, seier Strømsli.

Ei anna brennheit sak er samarbeidet med KS, interesse- og arbeidsgivarorganisasjon til kommunane, eit samarbeid som skranglar etter fleire opprivande streikar dei siste åra.

Fleire fylkeslag rundt om i landet har teke til orde for at staten skal ta tilbake arbeidsgjevar- og forhandlingsansvaret. Det har Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane sagt nei til.

– Men det er ikkje tvil om at KS har ein jobb å gjere for å gjenskape tilliten til lærarane, seier Strømsli.