Så seint som i april i fjor gav Børge Brende avslag på søknaden om helikoptertransport i Jostedalsbreen nasjonalpark. -Vi har heilt andre føresetnader for å få ein dispensasjon denne gongen, seier leiar i Veitastrond Bygdelag, Asbjørn Nes.
I april i fjor viste miljøvernministeren til ei stortingsbehandling i 1993, der det blei tilrådd ei restriktiv linje for aktivitetar innanfor område med nasjonalparkstatus.
Men etter busjettforhandlingane i fjor håpar no Veitastrond Bygdelag på nytt liv for det omstridde prosjektet, og har på ny søkt om løyve.
Hindre fråflytting
Kaldakari-prosjektet på Veitastrondi må sjåast på som eit spektakulært forsøk på å få til turistverksemd i ei bygd med stor fråflytting. Planen er å etablere ein restaurant på toppen av fjellet Kaldakari, og å frakte turistar med helikopter til og frå.
Svært omstridde planar
Men Kaldakari-prosjektet har vekt debatt, og ordkrigen har til tider vore tøff mellom miljøvernarar og forkjemparar for prosjektet. Seinast i går karakteriserte reiseguru Jens A.Riisnæs prosjektet som galskap.
Dette tek ikkje Asbjørn Nes tungt, for han hevdar at Riisnæs er for ytterleggåande til å bli teken alvorleg.
Debatten vil nok halde fram, og det er ikkje grunn til å tru at temeraturen vil gå ned. Men det siste ordet går likevel til miljøvernminister Børge Brende også denne gongen. Men Nes er optimist, og trur at Kaldakari kan bli ein realitet, helst alt i sommarsesongen 2003.