NRK Meny

Ny folketalsrekord i Eid

Eid kommune har dei siste to åra blitt meir attraktiv for både næringsliv og innbyggjarar. Det viser ein analyse som Telemarksforsking har gjort på oppdrag for kommunen. Analysen viser at Eid har høgare arbeidsplassvekst enn landssnittet. Og med 6.084 innbyggjarar første kvartal i år har Eid sett ny folketalsrekord.

Nordfjordeid
Foto: Silje Guddal / NRK
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen