Hopp til innhold

Ny fjellovergang open att

Dei store nedbørsmengdene har ikkje fått dei konsekvensane for trafikken ein kanskje kunne ha frykta. Fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland er no opna att, etter at vegen vart stengt i går og i natt på grunn av uvêr. Dei fleste vegane i fylket er no opne, unnataket er fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll, som i går vart stengt på grunn av rasfare ved Heilevang. Klokka ni vert det gjort ny vurdering på om vegen kan bli opna.