NRK Meny
Normal

Ampere sin første dag på fjorden

Verdas første batteriferje Ampere er endeleg på plass på ferjestrekninga Lavik-Oppedal.

Ampere er på plass i Lavik

FERJEDEBUT: Batteriferja Ampere har sin første dag på fjorden på ferjesambandet Lavik-Oppedal i dag.

Foto: NRK-tipsar

Kaptein Steinar Johnsen førte ferja oppover frå verftet i Hardanger i natt, der den fekk sin dåp av næringsminister Monica Mæland i oktober i fjor.

I dag var den ute på sine første prøveturar på sambandet.

Næringsminster Monica Mæland døpte den nye batterifergen "Ampere" i Omastrand torsdag.

TUNGDØYPT: Det har teke lengre tid enn planlagt å få ferja i drift. Også under dåpen oppstod det uventa komplikasjonar.

Ferja er enno ikkje i normal drift. Den skal først testast inn mot ladesystema i to-tre veker før den blir sett inn i rute.

Batteriferja har plass til 120 bilar og 340 passasjerar, og skal gå med 10–12 knops fart mellom Oppedal og Lavik. Overfartstida er på 20 minuttar, med ti minuttars oppladingstid.

Planen var at den skulle komme i trafikk før årsskiftet, men eigarselskapet Norled trengde meir tid på testing og tilpassing.

Norled overtok drifta av ferjesambandet Lavik-Oppedal frå årsskiftet etter at Fjord1, og tidlegare Fylkesbaatane, har hatt ansvaret sidan sambandet over fjorden vart opna i 1955, då mellom Lavik og Instefjord.

«Ampere» er den første heilt elektrisk drivne ferja i verda utan lokale utslepp. Reiarlaga meiner tida er inne for å satse teknologien, som potensielt kan spare Norge for store utslepp.

Norge kan få store utsleppskutt ved å gjera bilferjene elektriske. 
Reiarlaga meiner teknologien er klar til å brukast, og ber politikarane om å satsa.
Og no blir den første elektriske bilferja i verda bygt i Hardanger.

MILJØVENLEG: Batteriferja, som vart bygd ved verftet Fjellstrand i Hardanger, er den første i sitt slag i verda.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå