Hopp til innhold

Ny ferje på Mannheller-Fodnes

Slik ser den ut, M/F "Lote" som skal trafikkere ferjesambandet Mannheller-Fodnes. I morgon vert den døypt i Florø.

M/F "Lote".
Foto: Pressefoto

M/F "Lote" har plass til 120 personbilar og 438 passasjerar. Ferja er designa av Førde-firmaet Multi Maritime og bygd ved Fiskerstrand verft utanfor Ålesund.

"Lote" er den tredje ferja verftet leverer til Fjord1 Fylkesbaatane. Tidlegare har dei bygt ferjene "Lærdal" og "Nordfjord".