Hopp til innhold

Ny ferje i drift etter tunnelbrann

Det nedlagde ferjesambandet Smørhamn-Kjelkenes er igjen sett i drift frå og med i dag. Ei ferje skal trafikkere ruta så lenge Skatestraumtunnelen er stengt etter brannen.

Det er no sett inn ferje på det nedlagde sambandet mellom Smørhamn og Kjelkenes. Bakgrunnen er brannen i Skatestraumtunnelen.

I DRIFT ATT: Etter å ha vore nedlagd i to år er no ferjesambandet mellom Smørhamn og Kjelkenes i drift att. Dette vil vare så lenge Skatestraumtunnelen er stengd. Foto: Ole Andre Rekkedal

Avgjerda om å setje inn ferje på sambandet vart teken før helga. Då vart det jobba med å fikse ferjelemmen, samt å få på plass ferje og mannskap. Ferja har vore ute av drift sidan 2013.

MF Dalsfjord har plass til 27 personbilar og skal trafikkere sambandet så lenge Skatestraumtunnelen er stengt. Rutetidene finn du på Fjord1 sine heimesider.

– Rutetabellen er det maksimale vi klarar med eitt mannskapsskift, seier ferjekoordinator i Statens vegvesen, Anders Sæternes

– Kan behovet bli større?

– Det er vanskeleg å seie. No har det ikkje vore køyrt ferje på dette sambandet sidan 2013. Den gongen var kapasiteten grei nok. Men på sikt er det mogleg å auke kapasiteten dersom det vert naudsynt, seier Sæternes.