Hopp til innhold

Alma døypte ny Elias-båt som skal lære born om sjøvett

Ein liten raud og kvit båt, med smilande munn og frekner vart i dag høgtidleg døypt i Florø. Den nye Elias-båten som ber namnet «Nordfjord1», skal lære born og unge om sjøvett.

Alma på fire år døyper den nye Elias-båten

FADDER: Fire år gamle Alma stod for den høgtidlege dåpen av den nye Elias-båten, som skal lære born om sjøvett.

Foto: Marianne Rotihaug

– Det er ein fin båt, eg har ikkje prøvd den enno, men eg skal gjere det seinare. Å døype den er det kjekkaste eg har gjort i sommar, seier Alma på fire år, som stod for den høgtidlege dåpen av den nye Elias-båten i Sogn og Fjordane.

Dåpen skjedde i Florø, og i småbåthamna var det mange ivrig born som stod klare til å prøve ut den nye farkosten. Den nye båten er større og meir robust enn Elias-båten som var i fylket tidlegare.

Samarbeider om sjøvettopplæring

– Vi skal bruke den til å informere komande generasjonar og foreldra deira om korleis ein skal bruke vest og kvifor. Båten liknar meir på ei jolle enn den vi hadde før, slik at Elias-skipperane får ei kjensle av korleis det er å vere på sjøen. Den har sirene, vasskanon og heisekran, så det er mange duppedittar å gjere seg kjende med, seier Martin Malkenes, som er distriktsansvarleg for Redningsselskapet i Sogn og Fjordane.

Saman med Fjord1, som har finansiert båten, skal dei spreie sjøvett langs heile Sogn og Fjordane. Allereie til helga skal den ut på sitt første oppdrag, under Havfiskefestivalen i Måløy.

– Sjøtryggleik er ein del av vårt daglege arbeid, og vi er stolte over å vere med. Opplæring og informasjon om dette er utruleg viktig, seier Andre Høyset, som er HR-direktør i Fjord1.

Håpar båten gjev inspirasjon til karrierar til sjøs

Og ungane på hamna i Florø har allereie teke til seg mykje kunnskap.

– Redningsvest, og ha med seg ei vaksen, svarer dei kjapt når NRK spør om kva som er viktig når ein ferdast til sjøs.

Høyset trur og håpar at lærdomen som ungane får ved å vere om bord i Elias-båten

vil inspirere dei seinare i livet.

Redningsselskapet og Fjord1 har samarbeidd om å få på plass ny Eliasbåt.

SAMARBEID: Andre Høyset i Fjord1, til høgre, har finansiert «Nordfjord1», og skal samarbeide tett med Redningsselskapet og Martin Malkenes om sjøvett.

Foto: Marianne Rotihaug

– Vi håpar at mange syns det er så kjekt å køyre Elias-båten at dei allereie i tidleg alder bestemmer seg for å bli sjøfolk.

Føl i rekkja av tradisjonsrike båtar

Namnet på båten har vore hemmeleg heilt fram til Alma kunne offentleggjere det i hamna i Florø i dag. Ho døypte den «Nordfjord1». Dermed har den vesle kvite og raude båten fått eit namn som kan vekkje minner for mange som har ferdast langs kysten av Sogn og Fjordane.

Den første båten med namnet «Nordfjord1» stammar frå 1915, og var ein dampbåt som gjekk fram til 1961. Den "Nordfjorden" som kanskje folk hugsar best, er båten frå 1963 som gjekk i rute frå Bergen til Nordfjord.

– Det var ein kombinert gods- og passasjerbåt, som gjekk innom mange grender langs kysten av Nordfjord. Sandane, Faleide, Stryn, og vidare til Måløy og Selje. Det er veldig kjekt å sjå at den siste båten som ber det namnet tek jomfruturen til Måløy, det vil nok vekkje mange minner for folk i området, trur Høyset.