NRK Meny
Normal

Ny stor ekstrautgift for Helse Førde

Frå no av må helseføretaket betale for rehabilitering av pasientar som blir sende ut av fylket.

Mork rehabiliteringssenter

Helse Førde må betale for rehabilitering av pasientar som blir sende ut av fylket.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Beskjeden om dette kom så seint som i vår.

- Alvorleg

Administrerande direktør Jon Bolstad meiner dette er særleg alvorleg sidan Helse Vest ikkje har gitt Helse Førde nok pengar til å dekke dei nye utgiftene.

- Dette er alvorleg sidan vi ikkje har eit budsjett som tek høgde for denne meirkostnaden, forklarar Bolstad.

Jon Bolstad, administrerande direktør i Helse Førde.

Jon Bolstad meiner den nye ekstrautgifta er alvorleg.

Foto: NRK

Allereie hardt pressa

Med dette har det allereie hardt pressa helseføretaket har fått ei ny stor utgift.

Frå før har Helse Førde fått løyve frå Helse Vest til å gå med eit underskot på 40 millionar kroner i 2009.

Budsjettframlegget la opp til ei kuttliste på vel 35 millionar kroner.

Mellom kutta som vart diskutert var store kutt i ambulansetenesta . Her møtte helseføretaket sterk motstand, og kutta vart utsett.

Og etter fire månadars drift syner prognosane at helseføretaket risikerer ein budsjettsprekk på 18 millionar kroner.

Må betale for rehabilitering

Den nye ekstrautgifta kjem av at Helse Førde frå no av må betale når pasientar treng rehabilitering og opptrening utanfor fylket.

Sogn og Fjordane har ikkje den typen institusjonar som trengs og har derfor sendt pasientar ut av fylket. Det har tidlegare vore finansiert av eigar Helse Vest, men no Helse Førde anten betale eller gjere jobben sjølv.

Ikkje oversikt over kostnadar

Og Bolstad har så langt ikkje full oversikt over kor mykje dette vil koste.

- Det er det som er litt av problemet vårt. Dette er ei ny oppgåve for oss og vi har ikkje nok informasjon til å kunne sei noko om det, seier Bolstad.

Eitt av problema som Bolstad er lite tilfreds med er at det ikkje følgjer nok pengar med frå Helse Vest.

- I sum er dette krevjande for oss. Vår oppgåve no er å etablere og vidareutvikle dei tilboda slik at ikkje befolkninga skal bli unødig skadelidande, seier Bolstad.

Dårleg tid

- Det kan hende det tar litt tid, men økonomisk sett så har vi no dårleg tid, seier Bolstad.

Ein av måtane som Helse Førde vil løyse det nye problemet på er at ein større del av rehabiliteringa i fylket no skal skje ved lokalsjukehusa.

Vil flytte del av tenesta til eige fylke

Ifølgje Bolstad er lokalsjukehusa veldig godt eigna for det som er definert som enkel rehabilitering og opptrening.

Lærdal sjukehus

Ifølgje Bolstad kan deler av rehabiliteringstilbodet bli flytta mellom anna hit til Lærdal sjukehus.

Foto: NRK

- I og med at vi har delar av dette ved både lokalsjukehusa på Eid og i Lærdal meiner eg at vidareutvikling av tilboda her vil styrke lokalsjukehusa, seier Bolstad.

I tillegg meiner direktøren det er viktig å ta vare på innbyggjarane.

- Alt i alt handlar det om å handtere eigne innbyggjarar på best mogleg måte, i tillegg til at vi kan utvikle fagområdet rehabilitering og opptrening.