No har eit nytt selskap, Svanøy Havbruk, overteke anlegget, og i første omgang betyr det tre nye arbeidplassar, seier dagleg leiar Ola Sveen.
To av dei tidlegare tilsette ved anlegget, Ola Sveen og Ove Inge Vågen har inngått samarbeid med Skaar Norway AS og Flora Fisketransport om å danne selskapet Svanøy Havbruk.
Sju mista jobben
Tidlegare i år mista sju tilsette arbeidet sitt då Fjord Seafood la ned oppdrettsanlegget, men no har altså det nye selskapet kjøpt og overteke anleggsmassa og oppdrettsanlegget i Svanøy.
- Tre personar er tilsette, men det er planar om å utvide seinare, seier dagleg leiar Ola Sveen.
Han fortel at det nye selskapet stort sett vil drive matproduksjon på same måte som Fjord Seafood, men at dei i større grad vil satse på oppdrett av aure, og ikkje laks, som det tidlegare selskapet gjorde.
At oppdrettsanlegget no kjem i gang igjen, betyr mykje for det vesle samfunnet på Svanøy, meiner Sveen.