– Eg ser lyst på framtida med han som direktør. Han er veldig effektiv og eit arbeidsjern uten like, seier styreleiar Harry Mowatt til NRK.
– Det er jo ei sak vi har jobba med i mange år og vi har jo stansa opp fleire gonger på grunn av økonomiske utfordringar, spesielt hos fylkeskommunen. Dette er ei sak vi ønskjer å få løyse, slår styreleiar Mowatt fast.
Anne Marie Førde, som har vore direktør dei siste åra, går av med pensjon 1. mai neste år. I mellomtida skal ho arbeide som museumsfagleg ansvarleg.
– Vi lyste ut stillinga breitt nasjonalt to gonger og vi har også brukt eit rådgjevingsfirma i prosessen. Vi hadde berre to søkjarar inne til intervju, så responsen var ikkje veldig stor. Men eg er nøgd med dei søkjarane vi fekk.
– Kva vil vere dei største utfordringane for den nye leiaren?
– Det er det at vi har alt for mange arbeidsoppgåver som pressar på og alt for få menneske å fordele dei på i administrasjonen. Men eg er sikker på at med Bent Inge Arnestad som leiar vil desse oppgåvene bli løyst godt. Men det vil bli veldig arbeidssamt framover med konkrete prosjekt som pressar seg på.
Arnestad har sjølv ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.