Hopp til innhold

Ny Coop-avtale kan gi tap av arbeidsplassar

Ein ny avtale med Coop Vest gjer at Naustdal Dampbakeri i Førde truleg må skjere ned talet på tilsette.

Naustdal Dampbakeri

TAP AV ARBEIDSPLASSAR? Naustdal Dampbakeri i Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I dag leverer bakeriet varer til Coop-butikkane i Sunnfjord og ytre Sogn og delar av Nordfjord.

Frå 1. juni blir det berre leveranse til Coop-butikkar i Førde, Florø og Naustdal.

– Store konsekvensar

Dagleg leiar Martin Berntsen i Naustdal Dampbakeri seier at dette er ein drastisk reduksjon samanlikna med dagens avtale.

Martin Berntsen

– DRASTISK REDUKSJON: Dagleg leiar Martin Berntsen i Naustdal Dampbakeri.

Foto: NRK

– Det er ein ganske mykje mindre avtale enn det vi har per dags dato. Dette er ein avtale som gjeld butikkar i Førde, Florø og Naustdal primært, og det vil få store konsekvensar fordi det blir ein markant ordrenedgang. Det kan på sikt føre til nedskjeringar hos oss.

– Kva er grunnen til at avtalen no får mykje mindre volum?

– Eg føler at eg ikkje kan forklare det. Det blir opp til Coop å svare på.

– Auke brødandelen

Administrerande direktør Geir Espe i Coop Vest seier at kundane deira ynskjer eit breiare utval av brød, og at dei difor har gjort avtalar med Goman i delar av distriktet sitt.

Geir Espe

– KUNDANE YNSKJER BREIARE UTVAL: Adm. dir. Geir Espe i Coop Vest.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Vi har ambisjonar om å auke brødandelen totalt sett. Men vi er veldig glade for at vi har fått til ein ny avtale med Naustdal Dampbakeri. Vi skal samarbeide så mykje som mogeleg med Naustdal Dampbakeri for å halde oppe volumet.

– Eg er heilt sikker på at vi i lag med dei skal auke brødandelen, slik at det ikkje skal føre til så store konsekvensar som dei kanskje kan frykte.

Martin Berntsen seier at dei no prøver å få fleire kundar for å kompensere for tapet.

– Vi er alt i gang med å sjå på alternative løysingar, både med eige utsal og andre aktørar. Vi har i utgangspunktet mykje ledig kapasitet, og vi jobbar for å finne andre samarbeidspartnarar.