Hopp til innhold

Mange vil redda det falleferdige fyret, men Kystverket vågar ikkje leige det ut

Hendanes fyr i Vågsøy er i ferd med å smuldra opp grunna manglande vedlikehald. Kystverket er fortvila over situasjonen.

Hendanes fyr i Vågsøy

VAKKERT: Hendanes fyr ligg vakkert til på ei fjellhylle 50 meter over havoverflata, men om ein går nærare ser ein kor falleferdig bygningane er.

Foto: Ragnar Myre / vivest.no

– Tilstanden er forferdeleg dårleg. Det har stått til forfall i mange år, seier Svein G. Vallestad i Kystverket.

I 25 år har Thomas Bickhardt og Bettina Vick leigd eit av dei andre fyra i Vågsøy, Kråkenes fyr. Tusenvis av timar har blitt lagt ned i vedlikehald som har ført til turistbesøk frå heile verda.

I same periode har Hendanes stått til forfall og blitt i stadig dårlegare forfatning. Men det står ikkje på mangel på potensielle leigetakarar.

Rasfarleg

Hendanes fyr er eitt av fire fyr i Vågsøy kommune og ligg på sørvest spissen av øya, om lag sju kilometer frå Måløy sentrum. For å kome seg dit kan ein køyre bil nesten heilt til døra, men den siste biten må ein gå på ein sti langs sjøkanten.

Og det er denne stien som er grunnen til at ingen har tatt på seg vedlikehaldet av fyret.

– Vi har fleire interesserte, men vi vågar ikkje å leige det ut. Vegen ut der er rasfarleg og må sikrast. Det kostar mellom to og tre millionar kroner. Vi har jobba med å få pengar til det i fleire år, men så langt utan hell, seier Vallestad i Kystverket.

Hendanes fyr i Vågsøy

PROBLEMET: Fjellpartiet langs stien som går til Hendanes er ustabilt. Å rassikre det vil koste to til tre millionar kroner.

Foto: Ragnar Myre / vivest.no

Hendanes fyr vart bygd heilt tilbake i 1914, men allereie i 1952 var det automatisert og avfolka. Sidan har det blitt gjort minimalt med vedlikehald. For av dei om lag 200 fyra som er bygd i Noreg gjennom tidend er det Kystverket som eig dei aller fleste.

Desse leiger dei ut mot at leigetakaren gjer vedlikehald og opnar det opp for alle.

I 2013 snakka Kystverket om å riva fyret om ingen ville ta over og sette det i stand til ny bruk og opna det for publikum.

Viktig for historia

I dag er det over 60 fyr i Noreg som tilbyr overnatting. Andre har museum. Den nye bruken av fyra, og leigeavtalane mellom lag, foreiningar og privatpersonar, har redda mange fyr. For gjennom åra har alle blitt automatiserte og familiane som før i tida drifta fyrlykta har flytta.

– Den modellen med utleige har vore viktig. På den måten har vi fått tatt vare på ein viktig del av norsk kysthistorie, seier Vallestad i Kystverket.

Enn så lenge er det ikkje pengar til å sikra vegen til Hendanes fyr og framtida til fyret er framleis usikker.

Hendanes fyr i Vågsøy

FORFALL: Slik ser bygningane ved Hendanes fyr ut på nært hald.

Foto: Ragnar Myre / vivest.no