Hopp til innhold

Ny bok om Oddvar Torsheim

Det Norske Samlaget vil gje ut ei bok om kunstnaren Oddvar Torsheim.

 

Oddvar Torsheim
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Boka skal kome ut hausten 2008, når Torsheim fyller 70 år, seier sjefredaktør Sverre Tusvik. Mellom dei som skal vere med på å skrive boka er kunsthistorikar Jorunn Veiteberg. Tidlegare har Skald forlag gitt ut ei bok om Oddvar Torsheim.