Hopp til innhold

«Eg trur absolutt dette er å stikke handa inn i eit kvepsebol»

I si nye bok tek Olaug Nilssen eit oppgjer med dei som meiner at det å jobbe deltid for å ta seg av familie og seg sjølv er gale i eit moderne samfunn.

Olaug Nilssen

DELTIDSFORFATTAR: Olaug Nilssen har valt å prioritere familieliv framfor ein nasjonal kulturkarriere.

Foto: Holand, Lars Myhren / Photo:larsmyhrenholand.com

I intervjuboka «Kjøkenbenkrealisme» med undertittelen «Ærlege historie om tidsklemma» har forfattaren frå Førde intervjua 12 ulike foreldre om korleis dei lever. Fleire av dei har som ho sjølv valt å gå ned i stilling for å kunne prioritere familielivet.

Nilssen_kjøken_framside

Ny bok frå Olaug Nilssen

– Det er ikkje ein kritikk mot kampen mot ufrivillig deltid, for den vil no eg og vere med og kjempe. Det er sjølvsagt ein veldig viktig kamp. Men i boka så har eg intervjua 12 foreldre og fleire av dei har valt å jobbe deltid for å løyse tidsklemma, og for å ha overskot til både heimeliv og jobb, fortel Nilssen.

Andre av dei ho har intervjua greier seg heilt fint med to heiltidsjobbar, fritidsaktivitetar og alt som høyrer med, medan andre har vaskehjelp og ei som har aupair.

– Boka er først og fremst eit forsøk på å vise vi ikkje alle har heilt lik kvardag. Vi har ikkje like jobbar, vi har ikkje like ungar og vi må velje ut frå dei føresetnadene vi sjølv har.

– Provoserande

Eg forsvarar gjerne oss som friviljug har valt å jobbe deltid fordi det ofte blir skapt eit bilete av at dei som gjer det, gjer for å få tid til interiørblogg og å bake cupcakes. Eg meiner jo at det gjelder no dei aller færraste. Dei fleste som sjølv vel å gå ned i stilling, gjer det fordi det pressar seg fram. Det er naudsynt, ein må få det til å gå rundt.

Då kan det jo føles provoserande at ein oppi alt sitt slit skal forventast å jobbe heiltid for å oppfylle samfunnet si forventing om nettopp det

Olaug Nilssen

Nilssen meiner at mange opplever det som provoserande, og trist og vanskeleg fordi dei opplever at dei har hatt ein annan forventning til livet med småbarn enn kva som er realiteten.

– Kanskje har ein trudd på førehand at det skal vere heilt uproblematisk å halde fram med å jobbe fullt og ha ei aktiv fritid. Men så innser ein då at dette klarer eg ikkje. Då kan det jo kjennest provoserande at ein oppi alt sitt slit skal forventast å jobbe heiltid for å oppfylle samfunnet si forventing om nettopp det då, meiner Nilssen.

– vepsebol

Å skildre levesett som for få år sidan nærast var heilt uhøyrt å snakke høgt om, vil vekkje reaksjonar i seg sjølv, trur forfattaren, som no har base i Bergen med mann og tre born.

– Eg trur absolutt dette er å stikke handa inn i eit vepsebol, men eg vonar at dei som les boka ser at eg har latt veldig mange røyster kome til orde. Eg ønskjer ikkje å ta noko veldig klart politisk standpunkt i forhold til det eg har skrive.

Ho vil helst forsvare alle saman, og tykkjer at alle har gode grunnar til å velje nett slik dei gjer.

– Det er noko av det eg kan synest er provoserande i debattar om nettopp likestilling, deltid, barneoppseding og alt som har med småbarnslivet å gjere er at det blir så veldig polarisering. Enten er du grufull som let ungane vere i barnehagen heile dagen, eller så er du dum fordi du tek for mykje omsyn til ungane, seier Nilssen.

– Mange føler press

Ho trur at dei fleste ser at røyndomen er ein plass midt i mellom. Noko av det ho har prøvd å vise i boka er heilt vanlege kvardagar og val som tvingar seg fram.

– Eg trur nok at mange føler press frå fleire kantar eigentleg. Eg synest ikkje det er heilt eintydig kva samfunnet krev av oss, nokon vil vel seie at det er feministane og likestillingsprosjektet som er det største presset. Andre vil seie at det er dei kvinnene som vel å vere heime og jobbe deltid som argumenterer veldig sterkt for at alle burde ta det valet. Kva slags press ein føler trur eg kjem an på kvar ein bur, kva miljø ein vankar i og kanskje og kor sårbar og kjenslevar som du sjølv er, meiner Olaug Nilssen.

Ho innrømmer at då ho var ein ung framadstormande forfattar, så såg ho i liten grad seg sjølv om deltidsarbeidande trebarnsmor. Men har ho forsaka noko på vegen til der ho er i dag?

– Eg vil ikkje seie at eg har kasta alt fullt og heilt over bord, men eg har i alle fall sagt frå meg styreverv og medlemskap i Kulturrådet for å vere meir heime. For min del var det noko som tvang seg fram då eitt av barna mine fekk ein diagnose. Å seie at eg forsaka er eit litt kraftig ord, kanskje eg heller skal seie at eg har valt vekk karriere og mykje reising, ikkje minst.

– Det blir lite vin på kulturhusa rundt om kring?

– Ja, det har veldig lite vin dei siste par åra, ler Nilssen.

– Ikkje for alltid

Den siste tida har mellom anna fleire politikarar gjeve klare meldingar om at livet på toppen av norsk politikk ikkje let seg sameine med det å vere småbarnsfedrar. Erling Sande frå Senterpartiet og Ketil Solvik Olsen frå Framstegspartiet har blitt døme på unge foreldre som nektar å vere med på jaget.

Erling Sande

TREKK SEG: Erling Sande (Sp) vel familielivet.

Foto: NRK

– Det du skriv om, og det vi ser av det som skjer i samfunnet der fleire og fleire vel å prioritere barn og heim. Er det ein trend?

– Eg vil vere varsam med å seie kva som er trend og ikkje, men eg tykte jo det var kjekt at to mannlege politikarar tok eit slikt val og var tydelege på kva som var grunnen. På den måten viste jo dei at det ikkje naudsynleg er for alltid, men for ein periode. Eg trur jo heller ikkje at eg skal knyte meg til heimen for resten av mitt liv.

Forfattaren vonar at lesarane hennar skal forstå at det å ta slike val ikkje treng å vere for alltid.

– Eg reknar jo med at eg framleis skal prestere noko i den tida eg har sett av til å jobbe og seinare når ungane er større. Men det kan no godt hende fleire vågar å ta den typen val og snakke høgt om det, utan at det skal øydeleggje for alle framtidsplanar.