Ny billettløysing gjer at folk køyrer ned bommar i frustrasjon

Frå nyttår kom autopass på fleire ferjesamband i landet. Det har ført til nedkøyrde bommar og frustrerte passasjerar.

AutoPass bom på Anda ferjekai

KØYRAR PÅ: På Anda ferjekai har fleire køyrt på den nye bommen der ein brukar autopass. No er den godt merka med refleksar og lys.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Folk har krasja i bommane. Det ser ut til å vere ei blanding av høg fart, frustrasjon og dårleg informasjon, seier regionleiar i Fjord1, Tor Kristoffersen.

Frå 1. januar fekk fleire ferjesamband ei ny ordning der ein brukar autopass i staden for det gamle ferjekortet. Det nye systemet har ført til trøbbel, og det største kaoset har oppstått på sambanda Anda-Lote i Nordfjord og Arsvågen-Mortavika i Rogaland.

– På Anda ferjekai har det vore opp mot fem påkøyrslar. Det er bilane som har fått dei største skadane, seier Kristoffersen.

Den nye ordninga gjer at alle med autopass må innom eit eige felt på ferjekaia som er stengd med bom. Problema startar når bommen ikkje vil opne seg. Då er høg fart blant dei største syndene, meiner Kristoffersen.

– Passasjerane må sette seg inn i det nye køyremønsteret og senke farten. Fleire kjem i alt for stor fart inn mot bommen og då blir det krasj, seier Kristoffersen.

Tor Kristoffersen, Fjord1

SENK FARTEN: Tor Kristoffersen, regionleiar i Fjord1, ber bilistane med autopass senke farten.

Foto: Fjord1

– Lurt å slakke ned

Ein av dei som har skjønt at det er lurt å senke farten er Jon Even Myre. Men han har ikkje lært den harde vegen.

– Eg las ein artikkel om at fleire hadde køyrt i bommen, så eg visste om det. Eg tenkte det var lurt å slakke litt ned, seier han.

Men, Myre synest bommen likevel kom litt brått på.

– Det tok litt tid før den opna, så eg må stoppe heilt opp. Så for den som ikkje er vand til det, kjem den nok litt brått på.

Ferjemannskap får høyre det

Dårleg tid til ferja og bommar som ikkje vil opne seg har fått enkelte til å sjå raudt. Frustrasjonen er noko ferjemannskapet har fått merke den på starten av det nye året.

– Mannskapet på ferjene gjer berre jobben sin. Eg oppfordrar folk om å vere rolege, og heller lufte frustrasjonen med selskapet.

Etter ei veke med nytt system såg Fjord1 såg seg nøydde til å gå ut med meir informasjon.

– Ordninga blir haltande når anlegget blir nede. No ber vi passasjerane sette seg inn i det nye køyremønsteret. Vi ser at vi kunne informert betre om denne ordninga, men det var knappe fristar før oppstarten, seier Kristoffersen.