NRK Meny

Ny bankavtale

Sparebanken Sogn og Fjordane har saman med tre andre sparebankar signert ein ny og langsiktig avtale om betalingsformidlingsteneste med EVRY. Avtalen er verd 1,2 milliardar kroner, og strekkjer seg over fem år. I ei pressemelding skriv banken at avtalen skal sikre tilsette og bankane sine 500.000 kundar brukarvenlege og framtidsretta banktenester.