Hopp til innhold

Ambulansebase til 119 millionar

I 2014 skal ny ambulansebase og AMK-sentral stå klar ved sentralsjukehuset i Førde.

Førde Sentralsjukehus

NY BASE: Sørvest på sjukehustomta skal den 3002 kvadratmeter store ambulansebasen stå.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Eit samrøystes Helse Vest-styre godkjende i dag forprosjektet. Kostnadsramma på dei 3002 nye kvadrameterane er sett til 119 milionar kroner.

– Den nye basen vil betre pasienttilbodet, seier Tore Dvergsdal, direktør for kirurgisk klinikk i Helse Førde.

Tore Dvergsdal

SAMLA LØYSING: Direktør for kirurgisk klinikk, Tore Dvergsdal, meiner den nye basen vil tene pasientane.

Foto: Jostein Nyfløtt / NRK

Den samla løysinga er grunngjeve med at lokala som ambulansen og AMK-sentralen held til i dag er ikkje gode nok i høve til nye krav til ambulansestasjonar.

– Dette skal vere ein base som ligg tett opp til sjukehuset. Det skal byggjast ein skywalk frå luftambulansebasen og inn i akuttmottaket slik at pasientane skal kome raskt frå helikopteret og inn på akuttmottaket, seier Dvergsdal.

Samla løysing

Sidan 2002 har luftambulansen vore etablert i ei mellombels løysing med brakkerigg og plasthallar. Den nye basen vil gje ei samla løysing for funksjonane.

Planen er å starte bygging i slutten av 2012. Bygget skal vere klart til innflytting hausten 2014. Det skal stå sørvest på sjukehusområdet..

– Det er viktig å få den nye basen på plass, seier Jorunn Ringstad, styreleiar i Helse Førde.

Finansieringsspørsmål

Jorunn Ringstad

MÅ PÅ PLASS: Styreleiar i Helse Førde, Jorunn Ringstad, seier den nye ambulansen basen er ei viktig investering.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Helse Førde søkte om at 60 av dei 119 millionane skulle finansierast gjennom investeringstilskot frå Helse Vest. Dette på grunn av at Helse Førde i mange år har hatt vanskeleg økonomi, og ikkje har klart å skape overskot til investeringar.

Investeringstilskot får Helse Førde ikkje, men det ligg i korta at Helse Vest vil gje 60 millionar i eit internt lån for å få gjennomført prosjektet.

Det føreset at Helse Førde klarer å levere resultat i forhold kva økonomiske krav som blir sett.

– Dette er ei investering, så vi må få det inn i investeringsbudsjettet vårt. Vi har i langstidsbudsjettet begynt å sjå på korleis vi skal få det inn, seier Ringstad.

Helse Vest kjem tilbake til det eventuelle lånet i budsjettbehandlinga for 2013.

– Det er klart at vi er avhengige av lån når vi ikkje har midlane sjølv, seier styreleiar Ringstad.