Hopp til innhold

Ny 3. divisjon

Sogn og Fjordane og Hordaland kan få felles 3. divisjonsavdeling i fotball. Grunnen er for å unngå kvalifiseringskampar.

Førde - Birkebeineren

Frå 2011 kan det vera slutt på kvalifiseringskampar. Bilete er frå då Førde nyleg spelte kvalifiseringskamp mot Birkebeineren.

Foto: Bjørn Ivar Voll / NRK

Sei di meining.

Målet med det arbeidet, som no er i gang, er å få slutt på at vinnarane av 3. divisjonsavdelingane må ut i kvalifisering for å rykke opp til 2. divisjon. Slik Førde måtte i år. Med den nye ordninga vil også vinnaren av 4. divisjon rykke direkte opp til tredje.

Då må talet på avdelingar ned. I sør-Norge går komiteen inn for at det skal vere 10 avdelingar mot 20 i dag.

- Eitt av resultata vil vere høgare nivå, seier klubbutviklar i Sogn og Fjordane fotballkrets, Per Are Verlo. Sportsleg sett er han ikkje i tvil om at dette blir eit løft. Han seier at det blir fleire jamne kampar og tøffare og hevde seg.

Mest truleg Hordaland

Verlo meiner at det mest truleg blir Hordaland sine to avdelingar som blir splitta, og at Sunnhordland går saman med Rogaland og Nordhordland går saman med Sogn og Fjordane.

Han seier at det kan tyde på at Trøndelag sine to avdelingar skal ned til ei, og at Møre og Romsdals to avdelingar skal ned til ei.

Berre eit framlegg

Den nye ordninga er eit framlegg som skal opp på forbundstinget i mars.

Per Are Verlo presiserer at det langt frå er sikkert at dette framlegget vil gå gjennom på forbundstinget i mars. Men dersom det gjer det vil 4. divisjon bli det høgaste nivået med berre lag frå Sogn og Fjordane, og komande sesong blir det viktig å bli blant dei seks beste.

- Om dette går gjennom vil 2010 bli ein kvalifiseringssesong til nye 3. divisjon, og med nokre atterhald vil dei seks beste i Firdaligaen neste år, stå i den nye 3. divisjonen.