NVE: Ikkje sikkert at du får faresignal før skredet går

– Slik forholda er no, så er vi uroa, seier vaktleiar Tommy Skårholmen i snøskredvarslinga om dei vanskelege snøforholda i store delar av landet.

Snøskred Lifjell i Bø

FARLIG: Skal ein på ski i fjellet i Sør-Norge bør ein ha god kunnskap og erfaring med å vurdere snøskredfaren. I dei to nordlegaste fylka oppmodar snøskredvarslinga varsom.no folk å unngå alt skredterreng.

Foto: Asbjørn Forland

Dei gjeldande snøforholda i fjella er skumlare no enn dei plar vere. Eit fastare og meir berande snødekke gjer at dei svake snølaga ikkje nødvendigvis gir frå seg vande faresignal.

Tommy Skårholen, Emma Barfod, Espen Biseth Granan.

UROA: Vaktleiar Tommy Skårholmen seier snøskredfaren i påska gjer han uroa. – Vi ventar stor utfart i fjellet når påskevêret ser ut til å bli veldig bra, seier han.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Ein plar få drønn og skytande sprekkar i snøen, men no vil ikkje skiløparar påverke dei svake laga i same grad. Då kan ein fort bli lurt. Dei svake laga er der og dei har same evna til å utløyse skred, seier Tommy Skårholmen i snøskredvarslinga.

Uroa for skredulukker

Snøskredvarslinga varsom.no melder om betydeleg snøskredfare over store delar av landet. For Nord-Troms og det meste av Finnmark er faregraden på nest høgaste nivå. Her blir skiløparar oppmoda til å unngå all skredterreng, altså terreng brattare enn 30 grader.

Både Røde Kors og snøskredvarslinga fryktar følgjene av ei venta flott påske.

Snøskredfare i Norge

SKREDFARE: Snøskredvarslinga varsom.no har måndag utvida snøskredfaren i dei to nordlegaste fylka i Norge.

Foto: Skjermdump frå varsom.no

– Vi ventar stor utfart i fjellet når påskevêret ser ut til å bli veldig bra. Situasjonen blir krevjande ettersom du ikkje nødvendigvis får faresignala snøen gir frå seg når snødekket har vore mjukt, seier Skårholmen.

– Må ha kunnskap og erfaring

Snøskred over E39 i Skredestranda i Eid.

SNØSKRED: Hjelpemannskap søkte søndag gjennom eit stort snøskred som stengjer E39 og riksveg 15 i Sogn og Fjordane.

Foto: Skredgruppa i Ørsta og Volda Røde Kors Hjelpekorps

Med faresignala fråverande, er det vanskeleg som skiløpar å vite når dei svake snølaga blir påverka.

– For å ferdast sikkert no, så må ein ha kunnskap og erfaring, ein må grave i snøen og identifisere korleis dei svake laga responderer på tilleggsbelastninga, seier Skårholmen og seier det no er viktigare enn elles å ta forholdsreglar.

– Det aller tryggaste er å unngå terreng brattare enn 30 grader. Sidan ein også kan fjernutløyse skred over seg, så bør ein halde avstand til snøskredterreng.

Treng mildvêr

Skårholmen seier at situasjonen gjer det krevjande å vurdere snøskredfaren. Han vil heller ikkje forskottere korleis snøskredfaren blir gjennom påska.

– Men den ser ut til å halde fram. Desse svake laga vil ikkje forsvinne før vi får skikkeleg mildvêr eller store nedbørsmengder som pressar laga saman, seier han.

Raset på Skredestranda

HEFTIG SKRED: Snøskredet på E39 i Nordfjord søndag morgon losna høgt oppe i fjellsida.

Foto: Alfred Bjørlo