NRK Meny
Normal

NVE: – Hastar å flaumsikre Flåmselvi

Storflaumen i oktober gjorde store skader i Flåmselvi. NVE seier det hastar å få plass flaumsikring, men har førebels ikkje fått pengar til å utføre arbeidet.

Flåmselvi sine herjingar

STORE VERDIAR: Verdiar for fleire millionar vart tekne av flaumen, no må elva sikrast snarast.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Denne veka var Norges vassdrags- og energidirektorat, Aurland kommune, Fylkesmannen, fiskeinteresser og politikarar, i møte for å diskutere planane for å reparere skadane etter storflaumen i Flåm. Sjefingeniør i NVE, Inge Lavoll, meinar det hastar med å få på plass sikring.

– Mykje av arealet ligg framleis sårbart for ein eventuellt neste flaum som kjem. Så vi prøver å få fortgang i det, men ting tek tid, seier Inge Lavoll.

Omfattande arbeid

Lavoll seier tryggleiken har første prioritet, men at det er mange andre omsyn dei må ta.

– I tillegg til tryggleiken, som står i førarsetet, har vi det biologiske livet i elva, vi har grunneigarar som har mista land og diverse andre som det skal takast omsyn til, seier han.

Det er eit omfattande arbeid, mellom anna må ein bestemme om elva skal innsnevrast, eller om ho skal få ha den breidda ho sjølv fann ut ho ville ha etter flaumen. Kva bruer som skal byggjast opp att, og kvar, er andre spørsmål dei må finne svar på.

– Når vi først kjem i gong, vil det nok ta eit par år før vi er ferdige, seier Lavoll.

– Kor sannsynleg er det for at noko slikt skjer igjen?

– Dette var ein stor flaum, større enn det som nokon gong har blitt målt her inne. Vi skal dimensjonere for ein 200-årsflaum. Denne flaumen var nær ei 200-årsflaum. Og ein slik flaum har eit sannsyn på ein halv prosent per år på å komme, seier Lavoll.

Elva fann seg nye far gjennom Flåm.

PÅ SITT BREIASTE: På møtet vart diskutert om elva skal innsnevrast eller om ho skal få ha breidda ho sjølv laga under flaumen.

Foto: Heidi Lise Bakke

Vil koste meir enn rekna med

Like etter flaumen måtte NVE rapportere til Olje og energidepartementet kva det ville koste å reparere skadane. Den gong enda NVE på 211 millionar for heile regionen, hovudsakleg i Sogn og Fjordane og Hordaland, samt noko i Møre og Romsdal.

– No i ettertid, når vi byrjar å få oversikta, så syner det seg det at det blir i knappaste laget, seier Lavoll.

Denne summen vil komme som ei ekstraordinær løyving, som er naudsynte for at sikringsarbeidet ikkje skal gå utover andre tiltak. Sjølv om signala frå styresmaktene har vore positive, torer ikkje Lavoll å håpe at dei kjem til å få nok.

– Meir truleg er det vel at vi neppe får det vi har spelt inn. Då blir vi nøydde til å ta dette her over ordinære budsjett. Då blir det ei prioritering mellom det som trengst etter flaumen, og det som trengst for å utbetre tidlegare problem.

Har jobba utan budsjett

Sjølv om det hastar å få på plass midlar, helst før nyttår, har NVE førebels ikkje høyrt noko.

– Hittil har vi ikkje høyrt eit pip, så vi har eigentleg jobba utan budsjett, seier Lavoll.

NVE har sett på andre tilsvarande situasjonar, og berre om lag halvparten av den ønskte pengesummen blir gitt. I år har leiande politikarar sagt at det ikkje skal stå på pengane.

– I første omgang kan vi stole på det, om vi skal tru det statsministeren har sagt, så kjem dei pengane.

Når budsjettet ikkje er på plass er det sjølvsagt utfordrande å planlegge noko som helst, Inge Lavoll håpar å få ein pengesum på plass før nyttår.

– Vi skulle helst fått vite kva summen blir før nyttår, då kan vi legge opp ein strategi om kor vi skal sette inn innsatsen.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå