NRK Meny

NVE vil stoppe Vestavind

NVE ber Vestavind Kraft skrinlegge planane om eit vindkraftanlegg på Folkestad i Fjaler. Planen er å setje opp 20 til 25 vindmøller over eit område på 2,5 kvadratkilometer. NVE sine utrekningar viser derimot at vind og terrengforholda ikkje vil kunne gi den straumproduksjonen ein har rekna med, og rår kraftselskapet til å trekke prosjektet.