Hopp til innhold

NVE vil gje løyve til Sunnfjord Energi

NVE rår til at Sunnfjord Energi får løyve til å byggje Jølstra kraftverk.

Vassenden sett frå Halvgjerda

KRAFTRESSURS: Fallet i Jølstra frå Jølstravatnet til høgre i biletet skal utnyttast, tilrår NVE.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I dag sender NVE innstillinga si over til Olje- og Energidepartementet. Administrerande direktør Fredrik Behrens i Sunnfjord Energi seier dette er ein viktig milepel.

– Vi er veldig nøgde med dette, vi har venta med lengsel lenge på denne avgjerda. No tek det litt tid i departementet før det er heilt avklart, men vi fokuserer på å køyre vidare på framdriftsplanen.

Fredrik Behrens

– HAR VENTA MED LENGSEL: Adm. dir. Fredrik Behrens i Sunnfjord Energi.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Han seier det er viktig å bli ferdig med utbygginga innan utgangen av 2020 for å kome inn under regimet som gjeld no for prisar og sertifikat.

Hadde konkurrent

Prosjektleiar Kjell Johnny Kvamme i Sunnfjord Energi seier at dei har jobba med prosjektet i mange år og at dei meiner å ha gode løysingar for å nytte energiressursen i elva.

Sunnfjord Energi har ikkje vore åleine om å ville byggje ut krafta i Jølstra. Nordkraft Prosjekt AS har også søkt om løyve til utbygging.

– NVE tilrår løyve til Sunnfjord Energi då dette alternativet gir høgare kraftproduksjon enn det andre alternativet, med nær dei same verknadene for miljøet. NVE meiner løysinga til Sunnfjord Energi utnyttar eksisterande vassressursar på ein god måte, seier Rune Flatby, avdelingsdirektør i NVE.

Jølstra Kraftverk skal utnytte fallet i Jølstra frå Jølstravatnet til Movatnet og vil gi 200 GWh. Det tilsvarar straumbruken til om lag 10.000 husstandar.

Kraftverket skal ha inntak i Tongahølen, kraftstasjonen skal byggjast på Moskog, og utløpet blir ved Reinene. Høgdeskilnaden mellom innløp og utløp er 132 meter.

Minstevassføring

Sommarskuleelevar på rafting i Jølstra

KAN BLI VERRE: Ei utbygging av Jølstra kan m.a. sette stoppar for aktiviteten til Jølster Rafting. NVE set vilkår om minstevassføring av omsyn til aktiviteten.

Det er fleire problemstillingar knytt til konsesjonsspørsmålet, mellom anna gyting i elva. I tillegg er Jølstra eit viktig landskapselement. For å redusere dei negative verknadene, er det føreslått fleire avbøtande tiltak.

– Utbyggaren er mellom anna pålagd minstevassføring sommar og vinter, og tiltak for å oppretthalde fiskevandringar og produksjonsområde for fisk, understrekar Flatby.

Utbygginga er kostnadsrekna til 704,5 millionar kroner