NRK Meny
Normal

NVE treng 211 millionar til flaumsikring

Tala vert stadig oppjustert, og i ettermiddag seier NVE at dei treng over 200 millionar for å sikre kommunane som er råka av flaumen på Vestlandet.

Flåm

SIKRING: NVE vil gjennomføre sikringstiltak både her Flåm i Aurland og i mange andre kommunar på Vestlandet dei neste to åra.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vi har spelt inn at vi treng 211 millionar etter vestlandsflaumen, seier Brigt Samdal, regiondirektør i Noregs vassdrags og energidirektorat.

Tidlegare i dag fortalde NRK at NVE ville be regjeringa om 150 millionar. Dette talet syner seg no altså å bli langt høgare.

– Det er mykje pengar, og vi treng det som ekstramidlar for å gjere dei krise- og hastetiltaka som skal følgjast opp, seier Samdal.

– Opp til regjeringa og Stortinget

Brigt Samdal - Regionsjef Vest NVE

REGIONSSJEF: Brigt Samdal.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

NVE får pengar til sikring av elveløpa som ekstraløyvingar over budsjettet. I budsjettet for neste år har regjeringa føreslege 255 millionar kroner til flaum- og skredsikring. Det er ein auke på 40 millionar frå i år.

No seier NVE at dei treng 211 millionar kroner i ekstraløyvingar. Pengane skal fordelast til flaumsikring i åra 2014, 2015 og 2016.

– Pengane skal gå til umiddelbare krisetiltak i veldig mange kommunar, og til planlegging og bygging av permanente sikringstiltak. Det er opp til regjeringa og Stortinget å vurdere dei estimata, seier Samdal.

Han stadfestar at dei vil legge planar for tilfelle der NVE ikkje får den fulle summen.

Jamt fordelt mellom fylka

Totalt ønsker NVE å gjere sikringstiltak i 15 kommunar, der Flåm i Aurland og Odda i Hordaland peikar seg ut som stadane med størst øydeleggingar etter flaumen.

– Dei fleste av dei 15 kommunane ligg i Sogn og Fjordane. Ein del ligg også i Hordaland. Vi har også litt i Møre og Romsdal, seier Samdal.

Rundt 110 av millionane skal gå til Sogn og Fjordane, dersom NVE får heile summen. Tala har vore klare ei stund, men NVE har venta med å gå ut med dei.

– Grunnen er den interne prosessen mellom direktoratet og departementet, og behovet for å rekne så godt som mogleg.

– Kva trur du sjansen er for at de får 211 millionar dei neste to åra?

– Eg har tru på at politikarane vil gjere ein god jobb med å sjå på tala vi presenterer. Vi må forholde oss til det vi får, og gjere prioriteringar, men eg tenker det er viktig at politikarane får innsyn i dei behova vi har, svarar Samdal.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast